AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
18 Gunsteinsli

Gunsteinsli ligg i Vesterdalen mellom Lindefjell og Moland. I 1668 er garden skriven for Gunstenslien med Moen, mens i 1723 var det blitt til Gundsteenlie med Moen.

Garden er komen frå Lindefjell. Det var frå gamalt to gardar, Moen og Gunstensli.

Dette gardsnamnet er bare å finne i Fjotland. Mannsnamnet Gunstein er å finne i nokre samstillingar på stadnamn på naturformasjonar som myra Gunsteinsmyr i Marnardal og Gunsteinstjønn i Kristiansand.

Mannsnamnet Gunnsteinn var vanleg i Noreg i mellomaldaren, og framleis i bruk i Ryfylke og Agder. 138 menn heiter Gunstein og 130 Gunnstein, i følgje namnestatistikken til Statistisk Sentralbyrå (16.4.2010).

Mange stadnamn har –li som siste ledd. I Fjotland har vi det også i gardsnamna Bergesli, Bruli og Salmeli.

PØR

Kjelder:
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976

Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgesglasset.no
Statisktisk sentralbyrå:
www.SSB.no, namnestatistikk

Til framsida stadnamn

- Antall besøkende: 1131166 - Online: 15 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart