AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
23 Håland

Håland ligg høgt oppe aust for Netlandsnes og sør for Knaben. Den er skriven for Haaland i 1668 og 1723.

Håland blei som mange andre gardar, lagd øyde i slutten på mellomaldaren. Då det kom att gard, brukte dei ikkje det gamle gardsnamnet, men Uborgsheie eller bare Heie. Uborg må frå først av vore Uvborg, der uv og borg tyder fjelltopp.

Som mange andre landnamn er også Håland å finne mange stadar på Agder. Håland ligg også vest for Fedafjorden i gamle Feda kommune. Også i Lyngdal, Hægebostad, Lindesnes, Audnedal og Mandal er gardsnamnet å finne i Vest-Agder.

Forstavinga ’Hå-’ kjem frå det norrøne adjektivet Hár som tyder høg. Gardsnamn på land er mest utbredt i Vest-Agder og Rogaland, og -land tyder jordstykke, grunn. Håland passar difor godt som namn på denne garden. Den ligger høgare enn nabogardane.

PØR

Kjelder:
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976

Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk:
Norgesglasset.no

Til framsida stadnamn

- Antall besøkende: 1163516 - Online: 5 - Sist oppdatert: 27.06.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart