AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
10 Stakkeland

Stakkeland ligg vest for Øvre Kvinlaug, på vestdsida av Kvina. Garden er nemnd som Stacheland i 1612, Stocheland i 1668 og Stacheland i 1723. Namnet er nok etter toppen Stakken ved garden. Det var øydegard i 1600, og den garden låg kanskje nærare Krågeland. Garden låg under øvre Kvinlaug.

Dette er eit gardsnamn ein berre finn i Fjotland, Kvinesdal og Lyngdal. Garden som liggg i Austerdalen i Kvinesdal er fråflutta. Mange stad- og gardsnamn byrjar på Stakk-, frå Stakkvik i Karlsøy til Stakkebakken i Farsund.

Som mange andre gardar i Fjotland ender namnet på –land.  Land tyder jordstykke, grunn. Forstavinga Stakke- meiner O. Rygh kjem frå norrønt stakkr som tyder kornstakk eller høystakk. Sjølv om Stakkeland ikkje er nemnt i stadnamnleksikon, har dei med namnet Stakkvik i Karlsøy i Troms som dei legg ut på same måte.

PØR

Kjelder:
O. Rygh:
Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgesglasset.no

Til framsida stadnamn

- Antall besøkende: 1163467 - Online: 5 - Sist oppdatert: 27.06.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart