AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
04 Spikkeland

Spikkeland ligg vest for Nedre Kvinlaug. Garden er nemnd som Spincheland i 1668 og Spicheland i 1723. Spikkeland var øydegard under Nedre Kvinlaug og første brukar som er nemnd er Torkjell (nemnd 1645). Han skal ha vore leiglending under Trond Hoskuldson på Nedre Kvinlaug

Dette gardsnamnet er berre i bruk i Finsland i Songdalen og i Fjotland. Namn med forstavinga Spikke- finn ein fleire stadar på Austlandet og på Agder, som t.d. Spikkestad i Røyken (Buskerud),  Spikkerud, Hamar og Lillehammer og Spikkedalen i Hægebostad.

I følgje Rygh kan forstavinga Spikke- kome av eit gamalt elvenamn. Både Spikkeland i Fjotland og i Finsland ligg ved småelver. Rygh nemner at det er spor etter dette elvenamnet i Spikset i Sør-Odal. Rygh konkluderar med at det mest truleg kjem av: ”… Folkesprogetss Spikke m., Smaafugl”. Norsk Stadnamnleksikon stadfester dette som ei truleg tolking. I forklaringa til namnet Spikkestad er også  forstavinga tolka frå ordet ”spikki” – ein som spikkar, skjer i tre. Gardsnamn på -land er mest utbredt i Vest-Agder og Rogaland. Land tyder jordstykke, grunn.

PØR

Kjelder:
O. Rygh:
Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland:
Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgesglasset.no

Til framsida stadnamn

- Antall besøkende: 1120893 - Online: 39 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart