AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
14 Lindhommen

Lindhommen ligg i Kvenåsen skulekrins like aust for Seland. Garden er nemnd som Lindhommen i 1668 og 1723.

Lindhom seiast vera komen frå Seland, men Linndhomstølen ligg som ei øy inne i Lindelandsmarka, så det er meir rimeleg at han er skild ut frå Lindeland.

LIndhommen er også garden Ivar Aasen overnatta på sommaren 1858 under ei samlarferd i Indre Agder. 26. juli kom han til Lindhommen i Fjotland. Der fekk han nattelosji hos ”Tosten” i Lindhommen. Han kom til Fjotland frå Sirdal, der han hadde reist nedover frå Fidjeland til Sirdalsvatnet.

 Det er ikkje mykje å finne om besøket i Lindhommen i dagbøkene til Aasen. Han skreiv bare:
Fra Tonstad tilvands til Strandalid (1 1/2). Derfra med en Fører over Heiden til Lindhom i Fjotland ( 1 1/4). Tildeels Uveir. Torstein Lindhom meget snaksom.”

Etter søk i Statens kartverk si database finn ein dette gardsnamnet kun ein stad i landet og det er i Fjotland. I Åseral er det ein dalbotn som er kalla dette. Hom er vanleg både som første- og sisteledd i mange stadnamn, ikkje minst i Agder-fylka, men likevel er det altså bare i Fjotland ein finn Lindhommen. Variantar som Lindhom finst ikkje i databasen.

Stadnamnleksikonet  viser til at på gammalislandsk ser det ut til at hvammr tyder liten dal. I ein del norske dialektar fann Ivar Aasen følgjande tyding: ”En afkrog, en Dal eller Vig, som er omgivet af høie Bakker, saa man ikke kan se den i noen Frastand”.Per Seland forklårar hom som eit jordstykke som har høgdedrag på tre sider.

Lindhommen må difor bety eit jordstykke mellom høge bakkar, der det veks Lindetrær.

PØR

Kjelder:
Aasentunet: Dagboksnotat frå Ivar Aasen
O. Rygh:
Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland:
Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Per Seland: Kvenåsen krets i Fjotland 1981
Statens kartverk: Norgesglasset.no

Til framsida stadnamn

- Antall besøkende: 1175858 - Online: 20 - Sist oppdatert: 27.06.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart