AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
15 Lindefjell

Lindefjell ligg nord for Kvenåsen krins på vestsida av Kvina. Garden er nemnd i 1595 under namnet Lindefield, så også i 1600, 1612, 1619, 1668 og 1723.

Hoskuld er den første eigaren som er nemnd. Han skal ha vore på Feda ting i 1591 og skreiv under fullmakt til dei som skulle til Oslo og hylla Kristian IV. Det har ikkje vore andre enn han på Lindefjell med det namnet, så hoskuldsbakken må truleg ha namn etter han.

Lindefjell er eit namn ein finn på naturformasjonar i Solund i Sogn, Marnardal, Evje og Hornnes, Tvedestrand, Nissedal og Grimstad. Det er berre i Kvinesdal dette er nytta som gardsnamn.

Tydinga er så konkret at Rygh hoppar rett over garden i si framstilling etter å ha nemnd uttala – ’li2nnefjædd’. Namnet er stammer som på Lindhommen og Lindeland frå Lindetrær og det iaugnefallande fjellet ved garden.

PØR

Kjelder:
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979 
Statens kartverk: Norgesglasset.no

Til framsida stadnamn

- Antall besøkende: 1131188 - Online: 6 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart