AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
11 Krågeland

Krågeland ligg vest for Stakkeland Nedre Kvinlaug. Garden er nemnd som Krageland i 1668 og 1723. Krågeland  var øydegard og må ha vore under Nordigarden på øvre Kvinlog. Det ser ut som det har kome folk i 1625, for då blei garden satt i leidang.

Dette gardsnamnet er berre i bruk i Fjotland. I Marnardal finn ein namnet, men i forma Kråkeland, dette er også namnet på ei høgde i Hægebostad. Namn med forstavinga Kråge- finn ein fleire stadar i Agder, Rogaland og Nordland

I følgje Rygh kan forstavinga Kråge- kome av eit gamalt elvenamn, Kráka. Dette namnet er kjend frå fleire stader i landet. Namnet er grunna i likskapen mellom fuglens stemme og elveduren. Gardsnamn på -land er mest utbredt i Vest-Agder og Rogaland. Land tyder jordstykke, grunn.

PØR

Kjelder:
O. Rygh:
Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland:
Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgesglasset.no


Til framsida stadnamn


- Antall besøkende: 1131184 - Online: 13 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart