AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
02 Helle

Helle ligg i Vesterdalen på austsida av Kvina, aust for Nedre Kvinlaug. I 1594 vart garden skriven Hillde, i 1612 Helle, medan i 1619, 1668 og 1723 vart det til Helde.

Johan Jerstad kasta framm den at Helle var eit hovdingsete. Bygda heitte Helle manntal i gamal tid. Det har kanskje vore kyrkje på Heddestølen, og så var det noko dei kalla Helle gods ved år 1600. Det må ha femnd om Nedre Kvinlaug, Helle, Homme, Engedal og Aamland.

Helle er eit særs vanleg namn over heile landet frå Moskenes i Nordland i nord til Mandal i sør, Halden i aust og Askvoll i Sogn og Fjordane i Vest. Meir enn 30 stadar finn ein dette namnet. Det er kanskje ikkje så rart ut frå namnet sin konkrete tyding.

I følgje Rygh er det flatt berg, flat klippegrunn frå norrønt hella som ligg til grunn for namnet. Han meiner at det også kan vise til det norrøne hellir som tyder berghole.

 I nynorskordboka er helle utlagt som mellom anna flat skive av naturstein og flatt berg ved sjøen.

Stadnamnleksikonet stør opp om tydinga flatt berg.

PØR

Kjelder:
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Det Norske Samlaget: Nynorskordboka
Statens kartverk: Norgesglasset.no

Til framsida stadnamn

- Antall besøkende: 1120832 - Online: 12 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart