AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
01 Narvestad

Narvestad ligg i Vesterdalen på begge sidar av Kvina. Dette er den garden som ligg lengst sør i Vesterdalen i Fjotland. I 1594, 1600 og 1619 vart garden skriven Narffuestad. I 1612 er det blitt til Nerffuestad, så i 1668 er det skriven Norvestad, mens i 1723 vart det til Narvestad.

Det meste av garden Narvestad ligg på vestsida av Kvina. Det som er på austsida, er ei faddergåve frå Helle. Det var så mykje skog før på Narvestad at dei kunne ikkje bli fattige der, blei det sagt . Garden var kongsgard, men blei selt føre dei andre kongsgardane i Fjotland. I 1669 var sokneprest Peder Godtzen eigar.

Narvestad som gardsnamn er i bruk fleire bygder i øvredel av Østfold; Hobøl, Skiptvet, Eidsberg og Trøgstad. Også i Akershus finn ein gardsnamnet i Rælingen og Aurskog-Høland.

I følgje Rygh kjem dette namnet av det gamle mannsnamnet Narfi , som var ganske vanleg i middelaldaren. Endinga –stad er særs vanlig ending på indre austland. Stad kjem av norrønt staðir som er fleirtalsform av staðr, og tuleg tyder bustad. I Sverige har det vore tolka som mjølkeplass, støl, men dei fleste namnegranskarane vil meine at det blir for snevert. Meir truleg er ’grunn der bustad ligg’.

Stadnamna er utbredt i Agder og Rogaland, men i Fjotland er Narvestad einaste stadnamn. Fjotland er dominert av –landnamn.

PØR

Kjelder:
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland.
Gards- og ættesoge 1979
Det Norske Samlaget: Nynorskordboka
Statens kartverk: Norgesglasset.no

Til framsida stadnamn

- Antall besøkende: 1129090 - Online: 9 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart