AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
13 Seland

Garden Seland ligg i Vesterdalen nord for Kvinlog. Det tilhøyrde Kvenåsen skulekrins saman med gardane: Eikeland, Solli, Lindeland og Lindhommen.  I 1594 vart namnet skriven Sellannd, i 1619 Selland og i 1668 og 1723 Seeland.

Det blir sagt at Seland åtte frå Hisbergan til byte med Kvinlog. Med Kvinlogbytet må det var mein Stakkeland, som frå gamalt låg under øvre Kvinlog. Nordover er det tenkjeleg at Seland i lang tid har brukt Lindefjellheia. Denne garden låg lengre øyde, og hadde god hei.

Dette er eit gardsnamn som ein finn i sørvest. Namnet finn ein lengst aust  i bruk i Notodden i Telemark. Ein finn også namnet i Kvam i Hordaland. Det er først og fremst i vestre del av Vest-Agder  gardsnamnet finst; i Konsmo (2), Grindheim (1) , Vigmostad (1), Herad (1), Nes (1), Gyland (1), Sirdal (1) og Fjotland (1).

I følgje stadnamnleksikonet har dette namnet same opphav frå norrønt Seljuland av trenamnet selja eller Seliland av seli, samling av seljer. Gardsnamn på land er mest utbredt i Vest-Agder og Rogaland. Land tyder jordstykke, grunn.

PØR

Kjelder:
O. Rygh:
Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976

Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Per Seland: Kvenåsen krets i Fjotland 1981
Statens kartverk: Norgesglasset.no

Til framsida stadnamn

- Antall besøkende: 1131133 - Online: 10 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart