AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
53 Homstøl

Ligg i Salmeligrenda øvst i Fjotland. I 1723 er garden skriven for Hommestøl. Gardane i grenda var tidlegare ein del av Sirdal, 1. januar  1903 blei gardane samla overført til Fjotland. Med unntak av Knabeneset har alle desse gardane blitt utskilt frå gardar i Sirdal. Homstøl er skilt ut frå Josdal i Sirdal og er første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1659. I 1965 måtte Torkel og Sina Homstøl dei siste som budde på garden, flytte på grunn av reguleringa av Homstølvatnet.

Det er i bruk som gardsnamn i Froland i Aust-Agder. Det er også nemnd på Norgesglasset til statens kartverk at det er i bruk som namn på fritidsbustad i Sirdal og Åseral, og nemning på ein dalbotn i Åseral.

Stadnamnleksikonet  viser til at på gammalislandsk ser det ut til at hvammr tyder liten dal. I ein del norske dialektar fann Ivar Aasen følgjande tyding: ”En afkrog, en Dal eller Vig, som er omgivet af høie Bakker, saa man ikke kan se den i noen Frastand”. I Fjotland har vi fått forklåringa, om eit jordstykke som har høgdedrag på tre sider. Hom er også brukte i andre gardsnamn i Fjotland som Solhom, LIndhommen og Homme.

Stølnamnet kan tyde på at det først var ein mjølkeplass på eit beite her, langt frå garden, men utan noko bygningar eller svært tarvelege. Støl er nytta på fleire heiegardar i Fjotland som nok er av ganske ny dato, som Knibestøl, Årstøl og Eftestøl.

PØR

Kjelder:
Kjelder:
O. Rygh i L. Daae: En Krønike fra Kvinesdal
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Johan Jerstad: Fjotland.
Sogebok.1949
Per Seland: Sirdal 1
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgesglasset.no

- Antall besøkende: 1163475 - Online: 12 - Sist oppdatert: 27.06.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart