AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
51 Solhom

Ligg i Salmeligrenda øvst i Fjotland. Garden er skreven Soelhommen i 1723. Det er ikkje andre døme på dette som gardsnamn. 

Gardene i grenda var opphaveleg ein del av Sirdal,  1. januar  1903 blei gardane samla overført til Fjotland. Med unntak av Knabeneset har alle desse gardane blitt utskilt frå gardar i Sirdal.

Solhom er utskilt frå Salmeli, og blei første gong skyldsett i 1696. Den første oppsittar som er kjend er Salve Osmundsen Solhom, og det var skifte etter han i 9. juni 1711.

Som gardsnamn er det ikkje kjend frå andre plassar, men i følgje Statens kartverk er namnet å finne på ei slette i Gjerstad og ein dal i Eigersund.

Eit forholdsvis nytt namn som tyder på at garden ligg mot sør. Stadnamnleksikonet  viser til at på gammalislandsk ser det ut til at hvammr tyder liten dal. I ein del norske dialektar fann Ivar Aasen følgjande tyding: ”En afkrog, en Dal eller Vig, som er omgivet af høie Bakker, saa man ikke kan se den i noen Frastand”. I Fjotland har vi fått forklåringa, om eit jordstykke som har høgdedrag på tre sider. Namnet Solhom må bety at denne hommen må ligge solvendt til med opning mot sør.

 PØR

O. Rygh i L. Daae: En Krønike fra Kvinesdal
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Johan Jerstad: Fjotland.
Sogebok.1949
Per Seland: Sirdal 1
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgesglasset.no

- Antall besøkende: 1163519 - Online: 5 - Sist oppdatert: 27.06.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart