AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
48 Knibestøl

Garden ligg i austerdalen sør i gamle Fjotland kommune, like vest for Galdal. Garden er skriven Knibestøel 1668, Knibestøl 1723, og i matrikkelen frå 1905 er den nemnd Knipestøl.

I Fjotland Gards og ættesoge kan ein lese at i mellomaldaren var garden støl for Galdal, og så gard før den blei øydegard under Galdal. Den første som er nemnd på garden er Lars Knibestøl i 1614, det kan ha vore den som er nemnd som Lars Galdal. Han må ha hatt ein av gardane på Knibestøl.

Knibestøl finn ein ingen andre stadar i landet. Forstavinga ’Knibe-’ er det mange døme på både i Aust og Vest-Agder. Mange åsar har namnet Kniben t.d. fem ulike stadar i gamle Kvinesdal. Elles finn ein namn som Knibebekken, Knibedalen og Knibeheia.

I ”En krønike fra Kvinesdal” skriv Oluf Rygh om forstavinga  ’Knibe’:  ”formodentlig af Fjeldnavnet Kniben (Knipen), som forekommer hist og heromkring i Landet”.

 I Norske Gaardnavne trekker dei inn andre moglege tolkingar:
1. Namnet kan kome av elvenamnet Knipa, dette finne ein døme på i Hægeland.

2. At det kjem av ordet Knip som kjem av trong plas ’bjergpas’ som det står. Dette underbygger dei med at garden vart skriven Knipestøl i matrikkelen i 1905.

Den mest trulege tydinga er nok likevel fjellnamnet Kniben.

 Støl kan tyde på at det først var ein mjølkeplass på eit beite her, langt frå garden, men utan noko bygningar eller svært tarvelege. Støl er nytta på fleire heiegardar i Fjotland som nok er av ganske ny dato, som Eftestøl, Årstøl og Homstøl

PØR 

 Kjelder:
O. Rygh i L. Daae: En Krønike fra Kvinesdal
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Johan Jerstad: Fjotland.
Sogebok.1949
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland.
Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgesglasset.no

- Antall besøkende: 1131155 - Online: 13 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart