AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Då nynorsken blei kyrkjemålet i Fjotland

 

Nynorsk blir kyrkjemål: Tri etappar

Ein kan seia at nynorsken vann innpass som kyrkjemål i Noreg i tri omgangar. Fyrste store nynorskinnslaget i norsk kyrkjeliv kjem med Elias Blix’ Nokre Salmar som kom til å bli grunnleggjande viktig for utbreiinga av nynorsken i kyrkja. Nordlendingen Elias Blix var både teologiprofessor og kyrkjeminister. Salmane hans kom i fire utgåver frå 1869 til 1891 i eit samla opplag på 10 000 eksemplar. Mellom 1891 og 1898 tok opplags- og salstalet av og dei blei til saman prenta i 214 000 eksemplar. Blix-salmane var difor svært godt kjende alt før dei blei ålment aksepterte i kyrkja. Når Elias Blix sine salmar så får autorisasjon frå styresmaktene til bruk i vanleg gudstenestefeiring i 1892, får kyrkjelydane høve til å ta stilling til om landsmålet skal lyda jamleg i kyrkja deira gjennom salmeboksongen.

 

Frå 1907 blir altså tekstbok og altarbok på landsmålet godkjent av kongen og tilgjengeleg for kyrkjebruk, og i nye røystingar kan kyrkjefolket avgjera om nynorsk skal få den dominerande plassen i gudstenesta.

 

Det tridje steget mot gjennomført bruk av nynorsk i gudstenesta, kjem i 1926. Nynorsk salmeboka var blitt samla og utarbeidd av sentrale målfolk med høge posisjonar i kyrkja, men i salmeboka hadde ein sjølvsagt med mange riksmålssalmar som høyrde til den nasjonale salmeskatten. Salmeboka som biskopane Bernt Støylen og Peter Hognestad og sokneprest Anders Hovden arbeidde fram, var blitt godkjent ”Ved den Norske Regjerings resolusjon” i desember 1925. No kunne kyrkjegjengarane òg ta stilling til om dei ville ta inn Nynorsk salmebok i kyrkjelyden sin.

 

Nynorsk blir bibelmål

Parallelt med desse nyvinningane for nynorsk kyrkjemål knytt til salmar og liturgi, er òg arbeidet med å omsetja bibeltekstane til nynorsk, viktig for utbreiinga av nynorsk både i kyrkjelege og lågkyrkjelege samanhengar. Det nye testamentet låg føre på landsmål i 1889. Heile Bibelen var fyrst i handelen i 1921.

 

Blix-salmane i boks i Fjotland i 1911

Korleis røystingane om Blix-salmane gjekk føre seg i Fjotland, har det ikkje lukkast å bringa fram gode kjelder på så langt. Om ein ser litt vidare ut over landet, veit ein at mange stader kunne kyrkjelyden gå gjennom fleire røystingar før desse salmane blei innførde. Målfolket stod gjerne på for å få ”Blix” inn. Om prestegjeldet hadde ein prest som var kritisk eller negativ til målsaka, ser ein gjerne at knappe fleirtal for innføring eller lågt frammøte ved røystinga blei nytta som argument for å hindra ei nyordning. Somme meinte språket var for kvardagsleg til å passa i ei kyrkje.

 

Dei bygdene som ikkje hadde teke inn Blix-salmane før 1926, fekk dei då inn gjennom Landstads reviderte salmebok eller i Nynorsk salmebok som begge var godkjende til gudstenestebruk dette året. Blix-salmane kom til kyrkjelydane i Kvinesdal og Feda gjennom den reviderte Landstadsalmeboka.

 

Blix-salmane blei ikkje røysta inn spesielt tidleg i Fjotland, sett i høve til at dei alt hadde vore godkjende for bruk i Den norske kyrkja i nesten 20 år då fjotlendingane valde å ta dei inn. Det var i Nord-Trøndelag og Vest-Telemark dei var tidlegast ute med ”Blix”. I Finsland (øvre delen av det som i dag er Songdalen kommune), der dei var dei fyrste i Vest-Agder til å ta inn Blix-salmane, gjorde dei positivt vedtak alt i 1904. Heile 35 prosent av alle kyrkjesokna i landet hadde byrja ta i bruk desse Blix-salmane då fjotlendingane kom etter i 1911.

 

Fjotland fyrst i Vest-Agder med norsk liturgi

Men om ”Blix” kom noko seint inn i fjotlandskyrkja og kapellet på Netlandsnes, var bygdefolket pionerar i Vest-Agder då dei valde å begynna å halda gudstenester med nynorsk liturgi alt i 1917. Då dette året var omme hadde endå bare 4,4 % av kyrkjesokna i Noreg nynorsk liturgi. Og fjotlendingane var faktisk dei fyrste i fylket til å ta i bruk liturgien i den nynorske målforma. Det var elles bare Bygland på Agder som hadde vedteke å bruka landsmålsliturgien før fjotlendingane, men byglendingane skal då òg ha den æra at dei var fyrst ut i heile landet då dei tok inn den nye altarboka i 1906 – året før kongen hadde sett godkjenningsstempelet på den språklege nyvinninga.

 

Kyrkjelyden i Fjotland er pådrivarar for landsmålet i heradet

Noko som gjer innføringa av den nye liturgien i Fjotland i 1917 spesiell, er òg at bare halvparten av skulekretsane på denne tida hadde røysta inn landsmålet til opplæringsmål i skulen. Dei 5 fyrste kretsane hadde fenge nynorsk i 1908, men alle kretsane, bortsett frå Salmeli krets, skulle koma til å velja nynorsk innan 1919. Likevel var det ikkje mønsteret i bygder flest at kyrkja gjekk føre skulane i målvegen. Men det er truleg at folk i bygda såg kva lei det gjekk med opplæringsmålet, og ”ungdomen” kunne difor vera eit argument for å få nynorsk kyrkjemål innført. Og ein kan ikkje sjå vekk frå at nytt kyrkjemålet blei argument for å endra skulemålet i dei siste kretsane.

 

Nynorskbrukande prestar

Korleis kunne det ha seg at Fjotland kom inn så tidleg med nynorsk i gudstenestene sine? Sjølvsagt var innføringa av Blix-salmane ein viktig skut til å gå vidare. Truleg var òg Rasmus Høyland, soknepresten i Fjotland frå 1900 til 1912, ein viktig person. Det var i hans tid som sokneprest at Blix-salmane kom inn. Høyland som var frå Stord, hadde teke over etter den omtykte fjotlendingen Peder Tobias Eiesland, best kjent mellom sambygdingar som ”Per prest”. Per hadde vore ein mann av bygda og ein som vedkjende seg heimemålet sitt mellom likemenn, men i hans tid i kallet (1886-1900) var nok landsmålet framleis for nytt og eit språk mange enno knytte til ”radikale fritenkjarar” som Arne Garborg. Eiesland kom til å bli målven og heldt preiker på landsmålet etter at han hadde vore nokre år som prest og prost på Voss.

 

Med unionsoppløysinga fekk norskdom og landsmålet medvind også i Fjotland. Rasmus Høyland hadde teke til med å preika på nynorsk i 1905. Då han skjøna at folk i bygda ikkje hadde noko imot dette, heldt han fram med dette til han flytte i 1912. Slik blei nok kyrkjegjengarane vande med landsmålet til kyrkjebruk, og også dette opna nok augo for dette målet hjå mange i bygda.

 

Kyrkjemålsrøystingane i desember 1917

Den 2. desember 1917, ved inngangen til eit nytt kyrkjeår, gjorde så fjotlendingane vedtak om å ta inn liturgien i ny målform i hovudsoknet. 30 av dei som var tilstades røysta for, og 20 røysta mot. Resultatet kom altså ikkje utan motstand: Heile 40 prosent røysta mot ei endring. Då same spørsmålet skulle bli avgjort i kapellsoknet i Netlandsnes, var motstanden mykje mindre. Motstandarane hadde resignert, eller dei ønskte kan henda i større grad det nye velkomen, for bare 6 av dei 26 røysteføre gjekk mot. Når vedtaket blei sett ut i livet, gjev ikkje kjende kjelder noko fullgodt svar på, men i løpet av våren 1918 lydde nok nynorskliturgien jamt på gudstenestestadene i heradet.

 

 
I desember 1917 vedtok kyrkjelyden i Fjotland prestegjeld å byrja feira gudstenestene på nynorsk (Foto: "Fjotland kyrkje", Svein Arne Myhren)

 

Kva med Nynorsk salmebok?

Nynorsk salmebok blei aldri ført inn i Fjotland. Det var elles mange av dei nynorske sokna som heldt seg til Landstads reviderte salmebok då denne kom i 1926, så dette var ikkje noko fjotlandsk særtilfelle. I Landstads reviderte fann fjotlendingane òg mange nynorske salmar, m.a. Blix-salmane som dei jo alt hadde røysta inn i 1911. I den reviderte salmeboka etter Landstad var 1/5 av salmane på nynorsk, og ein kunne halda fram med å syngja dei mange riksmålssalmane ein var van med å syngja i den målforma mor og far hadde brukt. I Nynorsk salmebok var forholdet mellom salmar på riksmålet og landsmålet omvendt. Heile 4/5 av salmane var på nynorsk, irekna mange omsetjingar. At fjotlendingane valde å halda på Landstad i salmevegen, var kanskje difor ikkje så rart.

 

Landstad blir i Fjotland

Til skilnad frå kyrkjelydar som valde å gå over til Nynorsk salmebok heldt ein i gudstenestene i Fjotland og Netlandsnes fram med å syngja t.d. høgtidsvers og høgtidssalmar på riksmålet, slik dei faktisk stod i den reviderte utgåva av Landstad si salmebok. Det er nok òg ein viktig grunn til at t.d. jolesongane i Fjotland helst blir sungne på bokmål i dag sjølv om dei finst på nynorsk i dagens Norsk salmebok frå 1985. Bokmålssalmane har blitt ein del av den samla kyrkjesongtradisjonen i bygda.

 

Nynorsk kyrkjemål i dag

I 2005 var det 368 sokn som nytta den nynorske liturgien, noko som svarar til ein tridjedel av alle norske kyrkjesokn i Den norske kyrkja. Besøkjande på gudstenester med nynorsk liturgi utgjer 20 % av alle gudstenestedeltakarane i landet. Men for å perspektivera dette noko kan me gjera følgjande samanlikning: I 2004 var 1 424 000 nordmenn på gudstenester med nynorsk liturgi. Det er nesten like mange som det samla publikumstalet på 1 458 000 for fotballkampar i eliteserien same året.

 

Svein Arne Myhren

 

Kjelder:

Jarle Bondevik: Og ordet vart nynorsk. Soga åt den nynorske bibelen. Bergen 2003.

Peder Hovdan: Arkiv for norsk målreising. Nynorsk kultusentrum/Ivar Aasen-tunet. Ørsta.

Nynorsk faktabok. www.aasentunet.no

Ingvar Olimstad: Per prest – fjotlandspresten. I: Kvinesdal historielags årsskrift 2006. Kvinesdal

Tor Veggeland: Fjotland. Kultursoge I. Kvinesdal 1984

- Antall besøkende: 1118182 - Online: 6 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart