AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
På sporet av nynorsken i Ivar Aasens fotefar

Om Ivar Aasens innsamlingsarbeid i Fjotland og indre Vest-Agder juli 1858

(Føredrag halde i Lindhommen i Fjotland 30.8.2008)

I dag, for nøyaktig 150 år sidan, den 30. august 1858, ruslar Ivar Aasen rundt i Christiania. Det er måndag, ein vanleg arbeidsdag. Han har skrive store delar av dagen. Han les korrektur og reinskriv. Truleg har han hatt eit par spaserturar i byen, slik han har for vane. Han er innom ei kneipe der han kjøper seg ein kopp kaffi, ein øl eller toddy. Same kvelden fær Ivar Aasen med seg pantomimeteater på gode gamle Klingenberg, den viktigaste underhaldningsstaden i byen som han ofte gjestar for å få litt avveksling. Så spaserer han heim til husværet sitt i Teatergata 6. Han har kjent seg frisk i det siste, men kjenner seg ofte tung til sinns…

Dette var dagen til Ivar Aasen for akkurat 150 år sidan, skildra ut frå dagboka hans og livet me veit han førte i heimetraktene sine i hovudstaden der han budde gjennom sitt vaksne liv. Me skal likevel gå endå meir enn 150 år tilbake i tid i Ivar Aasens liv - faktisk 150 år og fem veker for å koma tilbake til andre dagar som skildrar ei anna og viktig side ved Aasen og arbeidet hans. Det er dagane på reise, nettopp i dette tilfellet dei dagane då Ivar Aasen møter Fjotland og Fjotland blir ein del av Ivar Aasens rike.

Til Fjotland
Det er høgsommar 1858, det er nok ein måndag: Det er den 26. juli. Statsstipendiat og målgranskar Ivar Aasen kjem tuslande over heia frå Oftedal i Bakka til Lindhommen i Fjotland. Vêret er langt frå lageleg sommarvêr. Det blæs og regner. Det er nok ein dyktig våt Ivar Aasen som kjem hit til Lindhommen.

Den mørkhåra og småvaksne sunnmøringen har fare langt. Det har nesten gjenge 14 dagar sidan han tok båten frå Stavanger og inn til Hjelmeland i Ryfylke. Han har vore på farten sidan, teke seg inn til Lysebotn og vandra over heia til Sirdal og ned til Tonstad. Endestasjonen for denne ferda er Kristiansand: Mange mil på kryss og tvers av heiar og nedetter smådalar. Han skal innom Eiken, Åseral, Grindheim, Bjelland, Finsland og Greipstad før han er i byen.

Visitten i juli 1858 var ikkje den fyrste Ivar Aasen hadde i Vest-Agder og det var heller ikkje fyrste gongen han var i det som i dag er Kvinesdal kommune. Lat oss avsløra det med ein gong: Aasen var aldri i gamle Kvinesdal kommune. Slik har fjotlendingane meir å skrøyta av enn storebror i sør, men gleda stilnar litt når me veit at Aasen faktisk heldt seg heile 7 dagar til ende på Feda, frå 5. til 12. november i 1844. Han var altså på Feda 14 vår tidlegare enn han var i Fjotland. Og ei heil veke på Feda blir ein del i høve til den eine kvelden og natta han fekk her i Lindhommen.

Likevel: Det er gjestinga i Lindhommen og Fjotland eg kjem til å seia litt om no, og som dei fleste veit, er det fjotlendingane som tek best vare på nynorsken i Kvinesdal, så det er grunn til å seia litt om dette Aasen-opptrinnet i 1858.

Møtet
Det er ikkje mange kjelder me har å halda oss til for å rekonstruera reisa og hendingane i Fjotland 26. og 27. juli 1858. Hovudkjelda er Ivar Aasen sine eigne dagboksnotat. Han førte alltid dagbok, men etter kvart som åra gjekk, blei det meir telegramstil og færre utførlege refleksjonar og skildringar. Men noko om dei plassane han kom innom denne sommaren, fester han til papiret. Ivar Aasen skildrar reisa si i Fjotland på denne måten:

26. [juli] Fra Tonstad tilvands til Strandali (1 ½). Derfra med en Fører over Heiden til Lindhom i Fjotland (1 ¼). Tildeels Uveir. Torstein Lindhom meget snaksom. 27. [juli] Fra Lindhom over Fjotland, Eikisland og en Heid til Skeide i Eikin (omtr. 3)

Om nokon reagerer på den nynorske rettskriving i sitatet, skjønar eg det. Aasen skreiv naturleg nok dansk – skriftmålet for folk her i landet i 1850-åra.

Men kva veit me så om Aasens oppfatningar av folk og talemål i Fjotland? Ut frå det han skriv i si eiga reisedagbok, må me tru han fekk med seg ein god del av fjotlandsk dialekttilfang og bra oversikt over det lokale språksystemet ut frå det han fekk høyra frå folket han oppheldt seg saman med denne litt grå julikvelden i stova i Lindhommen. Han fann nok snart fram reiseskrivebordet sitt han alltid hadde med seg. Han noterte ned ord, utrykk og særeigne sider ved språket. Samstundes samanlikna og jamførte han truleg det lindhomsfolket sa med andre dialektområde. Han nikka attkjennande når han såg at mykje i fjotlandsmålet stod i samband med andre dialektar han hadde høyrt i nabobygder og jamvel med talemål heilt andre stader i landet.

Den ’snaksome’
Det kanskje mest interessante ved dei få linjene frå dagboka, er referansen til mannen som Aasen namngjev frå fjotlandsopphaldet. Frå ferda gjennom Vest-Agder er Torstein Lindhom den einaste som blir nemnt med namn. Karakteristikken, ”meget snaksom”, som Aasen gjev Torstein Lindhom, er særmerkt.

Kva Ivar Aasen la i ”meget snaksom”, er sjølvsagt uvisst. Om han følte fjotlendingen var i meste laget pratesjuk, og at han sjølv ikkje har vore heilt i slag til å hengja med i samtalen, kan vera ei forklaring. I andre dagboksnotat frå same månaden har han, som så mange gonger før, ført inn at han er ”sygelig”. Han utsette jamvel heile reisa si fleire dagar fordi han ikkje følte seg sterk nok til å leggja ut på langferd. Utan at ein treng hengja Aasen ut på nokon måte, er ordet ”sygelig” eit gjengangarord i dagbøkene hans. Han har nok hatt litt hypokondriske tendensar, men like fullt kunne dei mange reisene han la ut på i all slags vêr tæra på helsa. Fyrste reisa han la ut på i 1842 for å granska dei norske dialektane, varde i fire år. Han var på reise ved alle årstider desse fyrste åra. Han måtte koma seg fram på dårlege vegar, på vinterføre og i vårløysinga, og han måtte ofte i båt og ferjer i varierande vêr. Seinare var han ute på innsamlingsferd i sommarhalvåret mest kvart år fram til 1868. Få kjende landet som Aasen. Også sommaren 1858 veksla vêret mellom det han refererer i dagboka frå ”Sterk varme” til ”Uveir” på få dagar. Eit par dagar etter opphaldet i Fjotland, på veg gjennom Bjelland, skriv han at han er kraftig forkjøla. Men den snart 45 år gamle Aasen skriv ingenting om sjukdom eller skrantande helse under opphaldet i Fjotland, slik han gjerne gjorde når forma var dårleg, så han har truleg vore opplagt til å tenkja på arbeidet sitt, trass det litt trasige vêret han hadde opplevt på heia denne dagen.

Utsegna om den pratsame ”Torstein Lindhom” var kan henda mest positivt meint. Ivar Aasen hadde mange stader opplevt at folk rett og slett var skeptiske og ikkje skjønte kva han ville når han kom og ville høyra på til korleis dei snakka. Mange trudde han var ute etter å driva gjøn med dei. Norske dialektar stod ikkje høgt i kurs mellom øvrigheitspersonar flest. Bygdemål blei kalla ”plattheder”, og blei sett på som dårlege kopiar av danna talespråk – det danske språket. Mindreverdskompleks eller tankar om at Aasen var ute etter å hengja dei ut, kunne gjera det vanskeleg for han å få folk i tale. I Lindhommen har Ivar Aasen tydelegvis ikkje møtt det problemet.

Men kven var så Torstein Lindhom?
Me veit ikkje heilt sikkert kven ”Torstein Lindhom” som Ivar Aasen nemner, er. Det vil seia: Me kan ikkje vera 100 % sikre på om det er gamlefar, Tosten Olson (1791-1862), eller sonen og gardbrukaren i huset, Tosten Tostenson Lindhom (1821-1889) Ivar Aasen siktar til. Dei kan ha vore i huset begge to, men det er mest truleg at Aasen refererer til  den eldre Tosten Lindhom. Det er kan henda ikkje så merkeleg å tenkja seg at den mest 67 år gamle Tosten hadde litt av kvart å fortelja frå eit langt liv.

Bygdebokforfattar, Johan Jerstad, nemner Tosten i Fjotland Sogebok og skriv at Tosten var ein det gjekk mange historier om. Han høyrde til dei som hadde vore i sjuårskrigen, Napoleonskrigen, i ungdomen. Saman med fleire sambygdingar hadde han fare austover og jamvel vore med i eit slag. Tosten var truleg òg ein mann med humor og glimt i auga som fann rette ordet i rette tid. Det kjem jo alltid godt med i praten: I sogeboka kan ein lesa om då Tosten hadde vore i ei likferd. På heimvegen fekk sleden sleng på "Lindelandsbreune", og han gjekk på hovudet i åna. Då ropte han: ”Dokke må helsa heim til Anna”. Åna gjekk stor, men han og farkosten blei sitjande fast og han kom seg opp og heim til kona si, Anna.

Kva tala dei om i Lindhommen?
Kva samtalen gjekk i i Lindhommen, blir sjølvsagt meir spekulasjonar enn sikre fakta. Men det er eit visst grunnlag for å fantasera om samtaletema desse to julidagane. Ut frå Aasen sine nedteikningar over ord frå ferda, finn me ord som er registrerte funne i Fjotland. I målsamlinga frå sommaren 1858 finn ein vel 20 ord og uttrykk som Aasen konkret heimfester til Fjotland:

Ein kan sjølvsagt seia at 20 ord ikkje er veldig mange nedskrivne ord i løpet av dei mange timane Aasen trass alt var i Fjotland. No var det nok slik at han ikkje anten kunne skriva ned alt eller var interessert i alt. Han hadde for det fyrste med seg ei liste over ord han var særleg interessert i å finna utbreiinga av. Eitt av orda han leitte etter var ’oskorei’ (følgjet av vonde vette som ifølgje folketrua var ute og flaug kring joletider). Og ordet /Aaskurei/’ var av dei han fann i Fjotland. Det kan såleis ha kome både ei og fleire forteljingar om oskoreia som skal ha herja i gardar som Førlandsås og Røyland her i bygda. Desse historiene skreiv seinare andre omreisande samlarar og folkeminnegranskarar ned.

Men elles ser ein at ord knytte til gardslivet og gardsarbeidet går att.

Om me elles ser på lista med ord frå Fjotland, ser ein at enkelte av orda viser særeigne vokaltilhøve i fjotlandsmålet (t.d. /hør/ og /dør/ (for ’her’ og ’der’, e<ø) og /Haals/(for ’hals’, a<å) Han har med mange av dei særeigne lydane i det vestre, vestagdermål, slik som at ’å gifta seg’ heiter /å gipta seg/ og at ’Svevn’ blir til /Svebn/.Vidare noterer Ivar Aasen at ’dobbel-l’ blir ’dobbel-d’ i Fjotland, dvs at t.d. ’fjell’ blir uttala /fjedd/ og ’alle’ blir til /adde/.

Meir generelt er det slik at mange av dei andre orda i målsamlinga frå denne ferda er ord ein fann og framleis finn i Fjotland i dag, sjølv om Aasen fann dei nabobygder som Sirdal, Eiken og Åseral. Tilfeldig utplukka ord frå desse stadene er t.d. å bløma, dokke (de/dykk), Hom (dal-ende, jf Lindhom), Mikjelsbær, rade(n) (dårleg), sjel (sjølv), Vedding (velling/graut) og Øyk/Øyg (gamal hest).

Bjørnen må ha vore tema i Lindhommen. Me ser at Aasen har notert seg namnet på både hannbjørn (’ein galt’) og hobjørn (’ei sugga’). Det var ikkje berre Ivar Aasen som rusla i fjotlandsheiane denne sommaren. Det var mykje bjørn på Agder i 1850- og 60-åra. Agder var det området i landet der bjørnane gjekk tettast, og bjørnen var eit dyr ein kunne støyta på i utmarka og somme tider i innmark i Fjotland og bygdene ikring

 
Ivar Aasen, 1871. Dette er det fotografiet av Ivar Aasen som er teke nærast i tid til vitjinga i Lindhommen i juli 1858. (Foto: Nynorsk kultursentrum)

Kva ville Aasen i Fjotland?
Det var likevel ikkje ordinnsamlinga som var viktigaste ærendet for Ivar Aasen denne sommaren. Andre gjorde denne jobben meir inngåande og utfyllande seinare, m.a. målgranskaren Hans Ross frå Holum som seinare på 1800-talet gav ut ordbøker slik at Vest-Agder fekk ein meir rettmessig og fortent, større plass i den nynorske ordbokslitteraturen. Bygdebokforfattar, Johan Jerstad, var ei annan som gjorde ein god innsamlingsjobb av fjotlandsord fram mot 1940-talet.

For Ivar Aasen var reisa til dei indre bygdene av Vest-Agder viktig å gjennomføra av andre grunnar: I årsmeldinga han skreiv for 1858 (han var statstipendiat om måtte gjera greie for arbeidet sitt) fortel han at han denne sommaren gjorde ”en Reise til Stavanger Amt og derfra Øst igjennem Landet, hvorved jeg kom til at befare flere afsides liggende Egne, som jeg ikke før havde Besøgt”. Området kunne ikkje stå som ein kvit flekk på kartet, og han hadde klare språkvitskaplege mål med ferda si. Det var særleg eit ”et Par grammatikalske Spørgsmaal” han ville finna ut av. Det eine spørsmålet han undersøkte, var om det enno fanst restar av den gamalnorske ’þ-lyden’ i Ryfylket, slik han hadde høyrt rykte om. Dette kunne han avkrefta. Det andre språkspørsmålet han ville finna meir ut av, var kor grensene mellom blaute og harde konsonantar gjekk. Kor sa dei mad, skåb og kaga, og kor sa dei mat, skåp og kaka? Han fann m.a. at i Sirdal og Fjotland var blaute konsonantar ”stærkt framtrædende; i Hægebostad og Bjelland skal den derimod være vaklende; og i Eikin Sogn og Aaserall findes den ikke.” Eit tridje funn Aasen gjorde på same reisa, var kor grensa for ’skarre-r’ gjekk. Han kom til Finsland før han høyrde ”Kurlende r” (skarre-r).

Med Aasen sine nedteikningar frå juli 1858 blir fjotlandsmålet ei av dei mange språkbrikkene i det store språkpuslespelet som samla dannar det nye landsmålet som Aasen arbeider med å konstruera. ”Optegnelser til Grammatiken fra Stavanger og Mandals Amter” som han skreiv rett etter reisa si, er då eit vel så viktig dokument frå denne ferda som ordsamlinga. Han lagar i det heile veldig gode oversikter over bøyingar av verb, substantiv, adjektiv, og han noterer seg dei ulike skilja og samanfalla i dei ulike bygdelaga. Her fær Aasen med seg at hokjønnsbøyinga i området har både linne og sterke ord. Det kjenner me frå Fjotland: Det heiter /kånå/ (’den gamla kånå’), men /bygdæ/ (’den stora bygdæ’). Dette systemet med to hokjønnsbøyingar kom Aasen òg til å ta med i landsmålet sitt (’kona’/’bygdi’).

Dette var Aasens måte å arbeida på. Han arbeidde fram ein slags områdegrammatikk for det området han vandra gjennom i juli 1858. Slik hadde han gjort og slik kom han til å gjera med mange andre område i landet. Etterpå arbeidde han desse inn i ein større fellesgrammatikk for heile landet. I 1864 gav Aasen ut Norsk Grammatik, og her refererer han mellom anna til dei ”adskillige gode Dialekter” i mellombygdene på Agder som han sjølv hadde arbeidt seg gjennom på juliferda seks år tidlegare.

Aasen og nynorsken i Fjotland
Nynorsken er mykje meir ann Ivar Aasen, men det hadde likevel ikkje vore noko nynorsk skriftspråk utan Ivar Aasen. Universitetsprofessorar og andre lærde folk hadde tankar om eit norsk skriftspråk på 1800-talet, men det var den sjølvlærde sunnmøringen som gjorde jobben og gjorde ideen til realitet. Han la grunnlaget og gjennomførde grovarbeidet og finarbeidet på eiga hand.

Sommaren 2008 er det altså 150 år sidan Ivar Aasen var i Lindhommen og Fjotland. Kva for verknader fekk landsmålet han skapte i Fjotland? Det gjekk ganske nøyaktig 50 år frå Aasen gjekk gjennom bygda til landsmålet/nynorsken blei ført inn i dei fem fyrste skulekrinsane i Fjotland, i desember 1908. I 1911 tok ein i bruk det nynorske samleboktillegget Nokre Salmar av Elias Blix’ i gudstenestene i bygda. I 1917 røysta fjotlendingane inn nynorsk liturgi i både Fjotland kyrkje og Netlandsnes kapell som fyrste sokna i Vest-Agder. I 1919 hadde alle skuleborn i Fjotland fenge nynorsk som opplæringsmål (bortsett frå Salmeli som kom etter i 1927). I 1923 kravde heradsstyret å få all informasjon og brev frå staten på landsmål. I 1926 tok heradsstyret til å føra møteboka på landsmål. Fjotland sparebank blei nynorskbank same året. Fjotland var blitt ei nynorskbygd. Det er verdt å nemna at ved skulemålsrøystinga ved Kvinlog i november i fjor, røysta heile 73,8% av dei frammøtte nynorsk. Det er av dei aller høgaste prosenttala nynorsk har fenge i ei skulemålsrøysting.

Dei spora Aasen sette då han reiste gjennom bygda, blei til meir varande spor. Gjennom det nynorske skriftspråket er den smålåtne målreisaren på eit vis framleis nærverande. I møte med og ved hjelp av personar som Tosten Lindhom og eit utal namnlause personar over heile landet, skapte Ivar Aasen eit skriftspråk eg vil be alle om å ta vare på gjennom å bruka språket: Slik er og blir nynorsk eit språk for framtida!

Takk! Takk, Ivar Aasen!

Svein Arne Myhren

Kjelder:
Bondevik, Jarle, Oddvar Nes og Terje Aarset (red.) 2001. Målsamlingar 1855-1861 av Ivar Aasen. Norsk bokreidingslag. Bergen.
Hovdan, Peder. Arkiv for norsk målreising. Nynorsk kultursentrum/Ivar Aasen-tunet. Ørsta
http://www.aasentunet.no
Jerstad, Johan 1949. Fjotland. Sogebok. Fjotlands herad.
Seland, Per 1981. Kvenåsen krets i Fjotland. Eige forlag. Oslo
Skjekkeland, Martin 1997. Ivar Aasen i møte med talemålet på Feda og elles på Agder. I: Kvinesdal historielags årsskrift 1997, s. 19-30. Kvinesdal
Aasen, Ivar 1864. Norsk Grammatik. Mallings Forlagsbokhandel. Christiania

- Antall besøkende: 1118209 - Online: 13 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart