AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
09.29 Mikjelsmøss

 

29.9.   

I kyrkjekalenderen er denne dagen minnedag for erkeengelen Mikael. Dette er difor ikkje nokon vanleg helgendag: Mikael er leiar for Guds himmelhær. Mikael kjempar mot fienden Satan, skal forsvara og redda sjelene åt dei truande, og etter tradisjonen er det han som fører sjelene bort frå jorda og fram for domen.

 

Mikkelsmess var offentleg helgedag fram til 1770. Per Jesperson Stakkeland frå Fjotland skriv i annalane sine i året 1806: ”St. Mikelsdag. Idag var Jertru og Gunnu Eyesland her”. Det stend ikkje noko om kva slags ærend eller besøk det er tale om, men ”Mikjelsmøss” var lenge etter at han var blitt fjerna som kyrkjeleg helgedag, rekna som ein halvheilag dag og gjerne ikkje full arbeidsdag. Difor kan vitjinga denne måndagen i 1806 ha samanheng med at dette var rekna som ei slags fridag. Fleire av dei gamle kyrkjelege høgtidsdagane som blei avskaffa så seint, ser ut til å hatt status som ”halvheilage” mellom mange. Kjeldene på dette er meir eintydige knytt til syftesok/Maria besøgelsesdag, der det har vore ein eldre tradisjon med å gjesta kvarandre denne dagen.

 

Frå heile Sør-Noreg har ein vitnemål om at det var vanleg å slakta ein sau til denne dagen og halda måltid på kjøtet.

 

Og dagen var sjølvsagt ein dag for å ta merke av vêret. Vinterhalvåret tok til 14. oktober. Når ein var komen så langt ut på hausten, kunne ein venta snøen:

 

”Kjem han kje mikjelsmøss skridand,

så kjem han helgamøss ridand” (Jerstad 1949)

 

”Helgamøss” var 1. november. Dette seier òg noko om at fôrsanking og mykje av arbeidet utomhus, burde vera avslutta før vinteren sette inn og snøen dekte landskapet.

SAM

Kjelder:

Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970

Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949

Vera Molland: Helg og høytid. Oslo 1997

www.katolsk.no, 24.7.2008

- Antall besøkende: 1051611 - Online: 53 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart