AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
08.22 Symforam

22.8.   

Dette er minnedagen for den Heilage Symforian. Symforian var ein ung gut frå ein av dei få kristne familiane i Autun ved Dijon i Burgund i Frankrike på 100-talet e.Kr. Han var fødd kring 165. Då han ein dag tilfeldig kom inn i ei folkemengd som deltok i eit opptog til ære for gudinna Cybele, var han einaste som ikkje bøygde seg for gudebiletet. Han nekta å fylgja pålegget, og blei ført fram for provinskonsulen. Då korkje lokking eller pressmiddel for å få guten til å bøya seg for gudinnebiletet, førde fram, blei den 15 år gamle Symforian avretta ved halshogging. Symforian har særleg vore minna og vore populært heilagmenne i Frankrike.

 

Som dagsnamn i almanakkane er oftast namneforma ”Symphorianus” nytta. Fjotlandske kjelder nemner berre dagen, ”Symforam”, utan at særlege vêrvarsel eller tradisjonar er knytt til dagen, men den lokale namneforma kan kanskje tyda på at dagen har vore knytt til særlege merke i Fjotland. Dagen har ikkje vore markert noko vidare i den folkelege tradisjonen elles i landet.

 

Kjelder:

Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949

www.katolsk.no, 24.7.2008

- Antall besøkende: 1051642 - Online: 34 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart