AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
07.25 Jakob vådhatt

25. juli

Jakobsmesse, Jakobsok eller det meir folkelege ”Jakob vådhatt” er nemninga for dagen som er minnedag for apostelen Jakob og éin av Jesu læresveinar. Han er fleire stader omtala i evangelia, og har ser ut til å ha vore ein av Jesu aller nærmaste.

 

Han leid martyrdøden ved påsketider i Jerusalem i år 44. Kong Herodes Agrippa baud dette for å koma dei mange motstandarane av dei kristne i byen i møte. Jakob var den fyrste av apostlane som døydde som martyr. Den døde kroppen hans skal etter tradisjonen ha blitt frakta til Spania. Grava med leivningane etter Jakob skal så, også dette etter tradisjonen, ha blitt funne att på 800-talet, og mange undergjerningar skjedde ved staden. Her voks fram ein by, Santiago de Compostela som tyder St. Jakobs (Sant Iago) gravstad. Byen kom til å bli mellom Europas største og viktigaste pilegrimsmål – og er det framleis i dag.

 

Namnet ”vådhatt” i norsk folketradisjon er nok kome til pga symbol ein mange stader finn gjeve att på primstaven. Symbolet for dagen har vore sverd etter måten apostelen Jakob blei drepen på, men på mange primstavar er symbolet ein hatt med eit merke i. Merket er nok opphavleg eit skjel – eit sentralt pilegrimssymbol som blei nytta som identifikasjonsmerke i hatt og på klede av personar på pilegrimsreise. Merket i hatten har i folkeleg oppfatning og tradisjon blitt sett på som ein drope, og slik har namnet ”våthatt” kome til. Det våte har gjerne samanheng med vêret. Det var (og er) viktig å ha godvêr medan ein heldt på i høyvinna på denne tida av sommaren.

 SAM

Kjelder:

Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970

Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949

Jørgen Johansen: Gyldedals bog om pilgrimme og pilgrimsrejser. København 2005

www.katolsk.no, 23.7.2008
- Antall besøkende: 1073747 - Online: 27 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart