AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
06.24 Jonsok

 

24. juni           

Jonsok var den viktigaste merkedagen i sommarhalvåret. Dagen før denne sommardagen, jonsokaftan, er vel den av dei kyrkjelege helgenmarkeringane som stend sterkast i norsk kultur og tradisjon i dag. Kvelden blir gjerne markert med bålbrenning og festlege samkomer, sjølv om heller ikkje den folkelege feiringa i dag ber særleg direkte preg av bakgrunnen for dagen.

 

Dagen er minnedag for Johannes døyparen sin fødselsdag. Johannes var han som forkynte Jesu Kristi kome og som døypte han i Jordan. Johannes er rekna som den fyrste av alle helgenar. Bare Jesus og Maria har hatt større plass i den kristne tradisjonen enn han.

 

Det heiter at ”dei vaka jonsok i Fjotland” (Lunde 1925). Ut frå sjølve namnet ’jonsok’, gjev dette meining. Endinga –(s)ok, som finst i fleire av helgendagane, tyder eigentleg ’vake’. Dette har samanheng med katolsk messefeiringa ved desse høgtidene. Vigiliemessa var i bruk i før-reformatorisk tid, og blir nytta i katolske kyrkjer i dag. Dette er nattmesser som innleier feiringa av store kyrkjelege høgtidsdagar. Når det stend at fjotlendingane vaka jonsok, spørst det jo kor lang tid attende det er tale om. Om det var vake i kyrkja, seier kjeldene ingenting om. Det er kjent at ein t.d. i Røldal stavkyrkje hadde nattvoker til 1840-talet. Der var eit undergjerande krusifiks som skal ha lækt mange pilegrimar heilt til lutherske prestar sette ein stoppar så seint som altså mot midten av den 19.hundreåret.

SAM

Kjelder:

Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970

Olav Bø: Norske årshøgtider. Oslo 1980.

Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949

Peter Lunde. Kynnehuset. Oslo 1924

Vera Molland: Helg og høytid. Oslo 1997

www.katolsk.no, 20.7.2008

 

- Antall besøkende: 1073749 - Online: 29 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart