AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
05.15 Halvorsok

15. mai

Hallvardsmesse, hallvardsok eller halvorsok er minnedagen for den norske helgenen Hallvard Vebjørnson frå Husaby i Lier. Helgenforteljinga er nok kjent for dei fleste: Hallvard var fødd om lag 1020. Han var i slekt med Olav Haraldson, og var fødd inn i ein kristen familie som einebarn. Livssoga hans elles er lite kjent. Det er døden og jartegnene som fylgde etter hans død som er kjende og som førde til at kyrkja kåra han til heilagmenne.

 

Midt i mai i 1043 skulle Hallvard ro over Drammensfjorden. Ei trellkvinne, på flukt frå tri menn som skulda henne for steling, fekk fylgja i båten. Mennene greidde å nå dei tvo att og skulda Hallvard for å hjelpa ein lovbrytar. Då Hallvard freista forsvara kvinna, drap dei han ved å skjota han i halsen med ei pil. Kvinna slo dei i hel og gravla henne på stranda. Hallvard søkte dei fjorden med ei kvernstein om halsen, men flaut opp og fekk skikkeleg gravferd i heimbygda.

 

Fleire under skjedde ved gav åt Hallvard og ved hans namn. I 1053 blei liket grave opp, lagt i skrin og sett i Mariakyrkja i Oslo. I 1130 stod St. Hallvard-kyrkja ferdig og han fekk plass der. Han blei dyrka som helgen og blei vernehelgen for Oslo.

 

Tradisjonen i seinare, etterreformatorisk tid er ikkje tett knytt til helgendyrkinga. Det helst korndyrking! I Norsk Folke-Kalender frå 1859 stend det: ”Den som ikke saaede da (15. mai), heed det, kunde belave sig paa Aarthrot, d.e. at Aaret ikke strak til, at Kornet ej blev modent” (Bondevik 1977). Å få såkornet i jorda til rett tida var avgjerande. I Fjotland blei det sagt: ”Halvorsok. Sofia. Skal vera fullsådd då” (Jerstad 1949), men også: ”Hallvòrsok tege saatiæ té” (Lunde 1925).

 

Dei to utsegnene stend litt i motsetnad til kvarandre. Her kan det vera tale om utsegner frå litt ulike tider i historia, men dei avvik nok ikkje så mykje. Om ein skulle ha gjort seg ferdig, eller om ein skulle ta til med å så ved halvorsok, er ikkje tydeleg. Folkeminnesamlaren Joh. Th. Storaker nemner halvorsok og skriv at ”3 Dage før og 3 Dage efter er bedste Saatid” (Storaker i Bondevik 1977). Her må ein tenkja at denne datoen midt i mai uttrykkjer høgsesongen for såinga – i eit normalår, for å sikra god og lang nok vokstertid. I Sør-Noreg var det iallfall tida kring halvorsok som var rekna for beste såtida om ein skulle få fullmoge korn før haustvêr og kulde sette inn. Noko var avhengig av kornslaget: Havren kom fyrst i jorda, bygg kom nest.

 

Primstaven kunne vera merkt med ein kvernstein for denne dagen, etter måten Hallvard døydde på. Dagen er òg i mange tilfelle merkt med éin eller fleire prikkar som kan minna om korn.

SAM

Kjelder:

Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970

Kjell Bondevik: Jordbruket i norsk folketru. Oslo 1977

Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949

Vera Molland: Helg og høytid. Oslo 1997

Sigrid Undset: Sankt Hallvards liv, død og jærtegn. Oslo 2004

www.katolsk.no, 20.7.2008

- Antall besøkende: 1073754 - Online: 34 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart