AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
01.25 Pauli omvending

 

25. januar      

Dette er minnedagen for Pauli omvending. Kristenforfylgjaren Saulus skulle til Damaskus for å gripa kristne der og føra dei til fangenskap i Jerusalem, men han blei omvendt då han møtte Kristus i eit sterkt ljos på vegen dit. Han som hadde vore samd i steininga av den fyrste kristne martyren, Stefanus, blei apostelen Paulus som sjølv kom til å lida martyrdøden.

 

Dagen er mange stader blitt kalla ”pålsmess”, eller ”Pål med bogen” ettersom dagen på mange primstavar er merkt med ein boge. Andre stader er symbolet eit sverd som nok peikar attende på at Paulus blei avretta ved halshogging.

 

Dagen braut alle jolemerke og var elles ein viktig dag for vêrmerke for den komande vokstersesongen. Frå Fjotland er ingen tydeleg tradisjon om dette teken vare på, men andre stader i Vest-Agder, m.a. på Lista, sa ein at om sola skein så lenge at ein kunne sala av og på ein hest tri gonger, fekk ein godvêr i høyvinna.

SAM

Kjelder:

Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970

Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949

- Antall besøkende: 1043602 - Online: 15 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart