AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
01.13 Tjusdagen

 

13. januar

Kjeldene frå Fjotland nyttar namn som ”tjusdagen”, ”tjuenhelgi” og  ”tjuendag jol” om denne dagen (Jerstad 1949/Lunde 1925). Dette var dagen jola slutta. Fylgjande rim er knytt til dagen:

           

”Knut fut, / jaga jolæ ut.”

 

Namnet Knut har opphavleg lite med futar og kongelege skatteinnkrevjarar å gjera. Eigentleg refererer namnet Knud her til den Heilage Knud, den danske hertugen Knud Lavard som blei drepen 7. januar 1131. Han blei seinare gjort til helgen. I gamle bondepraktikaer (almanakkar) er fylgjande vers knytt til 7. januar:

 

”Omskaaren blev Jesus, besøgt af St. Knud,

Bad dem hjælpe sig at drive Julen du.”

 

Verset i den trykte, danske praktikaen kan ha hjelpt til å halda oppe tanken og skikken med at det var tida for å avslutta jola. Truleg byggjer verset i praktikaen på ein eldre, utbreidd folkeleg forståing som sette St. Knud i samband med avrundinga av jolehøgtid og –feiring. Danske bondepraktikaer frå 1500-talet som er stelt til etter mal frå tyske praktikaer, har dette verset utan at det eksisterer i dei tyske utgåvene. Det er difor sannsynleg at den danske utgåva har teke opp i seg eit vers som har levt på folkemunne knytt til minnedagen for St. Knud. Om det er arv frå danske bondepraktikaer eller om det er ein opphavleg, munnleg tradisjonen som ligg til grunn for bruken av verset i Noreg og Fjotland, er vandt å seia, men i alle høve har denne regla blitt knytt til tjuandedagen då jola blei ”jaga ut”.

SAM

Kjelder:

Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970

Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949

Peter Lunde: Kynnehuset. Oslo 1925

www.katolsk.no, 20.7.2008

- Antall besøkende: 1043531 - Online: 3 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart