AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
12.25 Joledagen

 

25.desember 

Denne kyrkjehøgtida er som ålment kjent vigt Jesu Kristi fødsel og stend sterkt i vår eigen samtidige kultur. 1.joledag var utan samanlikning den viktigaste dagen i jola for folk. No tok jolefeiringa for ålvor til. Jolekvelden, den 24. desember, har ikkje hatt same status i tradisjonen og er t.d. ikkje merkt av på primstavane. I nyare tid har denne dagen òg hatt rike tradisjonar. I Fjotland var det langt inn på 1900-talet vanleg å skjota til grauten – vanlegvis ved det belet jolehelga blei ringt inn i kyrkjene. Ikkje alle stader høyrde ein kyrkjeklokkene. Så gjekk ein ut og skaut eit børseskot. Slik fekk ein vidare varsla at grautmåltidet og innleiinga til jolefeiringa stod for dør i garden.

 

I katolsk tid var det vanleg med messefeiringar jolenatt for å markera den heilage natta og Jesu komme til jorda. Jolenatta, overgangen til joledagen var det elles knytt mange teikn og varsel til i folketradisjonen. I Fjotland stod varsel om kjærleik og giftarmål lenge sterkt. Det var m.a. vanleg at yngre folk ”kledde jolestolen” eller ”sprang med tvora”, og då kunne dei få sjå kven dei ein gong i framtida skulle gifta seg med.

 

Jolenatta var elles rekna som ei farleg natt med mange slags skrømt og vette som var ute. Oskoreia var av dei mest omtalte og frykta. Den munnelge tradisjonen fortel om reia at ho var eit fylgje av både vetta og daudingar som ved joletider fór og skapte ugreie for folk og dyr. Dei duna og styrte, og dei kunne ta med seg folk om dei heldt seg utom dørene etter at det var blitt mørkt. I Fjotland blir oskoreitradisjonen knytt til fleire gardar. Reia skal ha sala av både i Førlandsås, på Håland og på Røyland. Siste garden skulle det ha vore drepe ein mann. Oskoreia var gjerne knytt til stader der slike uhyggjelege handlingar hadde funne stad.

 

Det var vanleg å la ljoset stå og brenna på bordet i stova jolenatta. Gudtorm Tolleison (1861-1949) i Eftestøl fortel om dette. Dette ser òg ut til å ha vore vanleg  Fjotland.

 

”Fyrste joledagen maatte dei ikkje gaa til anna hus,” skreiv folkeminnesamlar Peter Lunde frå Fjotland tidleg på 1900-talet (Lunde 1924). Om ein ser til kjelder frå tidleg 1800-talet, ser 1. joledag ikkje ut til å ha vore ein dag med slike forbod om å vitja folk.

 

SAM

Kjelder:

Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970

Olav Bø: Norske årshøgtider. Oslo. 1980

Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949

Peter Lunde: Kynnehuset. Oslo 1924

- Antall besøkende: 1073837 - Online: 25 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart