AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
11.23 Klemesdagen

 

23. november

”Klemensdagen” som denne dagen er kalla i fjotlandske kjelder, er kyrkjeleg minnedag for st. Clemens som var biskop i Roma år 92-101. Han var tridje biskopen etter apostelen Peter. Heilage Clemens leid martyrdøden ved drukning då han blei bunde til eit ankar og senka i sjøen.

 

”St. Clement vil oss vinteren give”, heiter det i eit kalendarium prenta fremst i den danske Claus Tøndebinders Psalmebog frå 1553. Dette fortel at vinteren var i kjømda mange stader kring dette leitet. I Fjotland var nok vinteren mange gonger alt godt i gang i slutten av november, og vinter og snø var meir knytt til merkedagar tidlegare på hausten som mikkjelsmess (29.9.) og helgemess (1.11).

 SAM

Kjelder:

Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970

Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949

Vera Molland: Helg og høytid. Oslo 1997

- Antall besøkende: 1073750 - Online: 30 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart