AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
00 Merkedagane i året

”Årstal synest ikkje å ha vore nytta mellom folk i det før-industrielle samfunnet for å tidfesta hendingane. Noko kronologi i riksmålestokk ville ha vore ein anakronisme for dei. Den praktiske horisonten var bygda eller aller helst grenda, dei som dei samarbeidde med og grensa til”, skriv folkloristprofessor Brynjulf Alver i boka Dag og merke (1970). Både året og årsrytmen var strukturert ut frå det praktiske arbeidet på garden. Attåt dette var kyrkjeåret med dei mange helgedagane, høgtidene og helgenmarkeringane viktige punkt i årssyklusen – også lenge etter at mange kyrkjelege markeringar var blitt fjerna ved reformasjonen og ved andre endringar i kyrkjekalenderen seinare.


 


Den folkelege kalenderen: Primstaven


Folk heldt greie på dagen ved å nytta primstaven. Folkeminnesamlaren Peter Lunde skriv at far til heimelsmannen han tala med i Fjotland tidleg på 1900-talet, truleg er det tale om Tollei Torgrimson (1818-1914) i Eftestøl, kunne minnast primstaven i bruk (Lunde 1924). Det er rimeleg, for i Norsk Folkemuseums samlingar i Oslo finst m.a. ein primstav frå Fjotland med innskrifta "Fiotland 1793".


 


Primstaven var ein kalender som kunne brukast år etter år. Han var som regel utforma som ei fjøl med kalender på kvar side – éi vinterside og éi sommarside. Her var skore inn eit merke for kvar dag, og på særlege merkedagar, som regel knytt til tradisjonelle kyrkjelege festdagar som var på bestemte datoar, var eigne teikn. Desse teikna var gjerne attgjevingar av ulike helgenattributtar. Desse attributtane var gjerne teikningar av stiliserte reiskapar eller symbol som kunne setjast i samanheng med ein helgen. Døme på dette er boka og fjørpennen som St. Gregor (pave Gregor den store (590-604)) blir utstyrt med i kyrkjekunsten og duva som sit på aksla hans. St. Gregor har minnedag 12. mars - gregorsmesse. På primstavane er oftast gregorsmessa markert med ein fugl, eigentleg ein duve, men i folketradisjonen er dette blitt tolka som ei kråke, ettersom kråkene gjerne flaug inn over landet på denne tida og varsla våren. Ulike varsel kunne takast av dette som påverka arbeidet med førebuingane til våronna. Frå Fjotland har ein tradisjonar knytte til dette som gjeld vêr- og vårteikn knytte til kråka kring gregorsmesse, eller greggamøss som ein sa i bygda.


 


Almanakken


Ved sidan av primstaven var almanakken i bruk. Dette var eit kalendersystem som ein kjenner att i den moderne almanakken. Almanakken kom til å ta over for primstaven. Dei var trykte ved Universitetet i Kjøpenhamn fram til unionsoppløysinga i 1905. Dei gamle almanakkane inneheldt aspektane som fortel om himmellekamane si stilling i høve til kvarandre. Almanakkar med astronomiske observasjonar for Oslo og Trondheim kom i 1804. Informasjonen om astronomiske forhold i almanakken blei ofte brukt til folkeleg vêrvarsel.


 


Også namn for dei ulike dagane, latinske namn for dei ulike helgendagane, var viktige, og dei kunne til ein viss grad prege den folkelege namnebruken. Dette ser ein døme på frå Fjotland kring 1800 der dagsnamn som ”Tiburtius” (14. april) og ”Urbanus” (25. mai) blir brukte som dagsnemningar. I seinare etterreformatorisk tid har nok mange av dagsnamna meir vore namn enn dagar med eit klart kyrkjeleg innhald for folk flest.


 


Utgangspunktet: Merkedagar i Fjotland kring 1800


I Fjotland sogebok gjev Johan Jerstad att nokre merkedagar som ut frå ymse skriftlege kjelder  ser ut til å ha vore vanlege merkedagar i Fjotland kring år 1800. Med utgangspunkt i denne lista, blir merkedagane som var vanlege å rekna med for vel to hundre år sidan presenterte. Det er i nokon mon lagt til stoff om dagane som er knytt nyare tradisjon. Ein kan klikka på dei ulike dagane nedanfor og få nokre utfyllande kommentarar om kyrkjeleg bakgrunn og folkelege oppfatningar om vêr og arbeid knytt til dei ulike dagane.


 


Merkedagskalenderen er sett opp etter kalenderåret vårt. I eldre tid ville ein kan henda like gjerne delt året i vintertid (14.10-13.4) og sommartid (14.4-13.10). Kyrkjeåret byrjar elles i adventstida i desember, og det er dei kyrkjelege høgtids- og minnedagane som danar utgangspunktet for dei folkelege merkedagane. Lista er likevel sett opp frå januar til desember. Dagane er gjevne att med dagsnamna frå almanakken og/eller med det lokale fjotlandske namnet på dagen.


 


Januar


6.1.      Trettandagen


13.1.    Tjusdagen. Tjuenhelgi. Tjuendag jol    


25.1.    Pauli umvending


 


Februar


2.2.      Kyndesmøss


22.2     Peder stol


 


Mars


12.3.    Greggamøss


25.3.    Marimøss. Maria bebudelsesdag


 


April


14.4.    Sumarmål. Tiburtius


 


Mai


3.5.      Korsmøss


15.5.    Halvorsok


25.5.    Urbanus


 


Juni


24.6.    Jonsok


27.6.    7 sovarar


 


Juli


2.7.      Syftesok. Maria besøgelsesdag


20.7.    Marte vassause


25.7.    Jakob vådhatt


29.7.    Olsok


 


August


22.8.    Symforam


24.8.    Bartolomeus


 


September


1.9.      Egedius


29.9.    Mikjelsmøss


 


Oktober


 


November


1.11.    Helgamøss


2.11.    Taksigelsesfest for Luteri Lærdom


11.11.  Mortensmøss. Martin bisp


23.11.    Klemensdagen


 


Desember


9.12.        St. Annedag


13.12.  Lucia. Lussinote


21.12.    Tomassmøssdagen. Tomas med bytta


23.12.    Toddasmøssdagen


25.12.  Fyrste joledag


26.12.  Stefanusdagen


 


Svein Arne Myhren


Kjelder:


Brynjulf Alver: Dag og merke. Oslo 1970


Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Kvinesdal 1949


Peter Lunde. Kynnehuset. Oslo 1924


www.primusweb.no, 20.7.2008

- Antall besøkende: 1043592 - Online: 17 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart