AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Jol og kjærleiksvarsel

 

Ved joletider er det mange slags tradisjonar og skikkar som blir haldne i hevd. Ofte er det skikkar som ikkje har mykje å gjera med sjølve jolebodskapen eller innhaldet i jolefeiringa. Eller det kan vera tradisjonar som kan henda ein gong hadde tilknyting til det religiøse, men at sambandet har blitt utydeleg. Slik er det kanskje med mykje av jolefeiringa i vår tid med: For kva er samanheng mellom kjøpefesten og over-etinga i desember og kjernen i den kristne jolebodskapen?

 

Samstundes er det mange skikkar som etter gamalt har vore knytt til joletida og særleg jolekvelden. Ein såg på denne dagen som heilt spesiell, og ser ein til folketradisjonen, har jolaftan i tidlegare tider vore rekna for ein utrygg kveld. Jola var myrketid, og dei vonde myrkemaktene var ute, og desse ville ein helst unngå å koma ut for: Ikkje anten Lussi, oskoreia, jolegeita eller jolebukken var gode å møta om ein oppheldt seg ute ”nottestid” eller braut helgedagsreglane.

 

Men jolekvelden har alltid hatt noko av magien ved seg. Ikkje bare det vonde, men òg den spennande framtida kunne openberra seg jolaftan. Dette var kvelden då unge menneske som gjekk og tenkte på kven dei skulle dela livet med, kunne få eit varsel om framtidsutsiktene. I Fjotland er det dokumentert to joleskikkar som kunne gje varsel om kven ein ville koma til å ekta: Fjotlendingane ”sprang med tvora” eller dei kunne ”sitja på jolestolen”. Folkeminnesamlar Peter Lunde har skildra desse skikkane på denne måten:

 

Springa med tvora

Jolaftan med same dei hadde teke jolegrauten av varmen, skulde dei taka tvora dei hadde reidt grauten med, og gaa baklengs andsølt ikring badstova tri gonger, so skulde han koma og sleikja tvora, den dei skulde faa.

            Ein gut i Eftestøl gjorde det.  Tollei klædde seg ut i ein stakk og gjekk imot han. Guten var viss paa han hadde sett gjenta si.

            Ein annan gut som gjekk med tvora, fekk sjaa ei ukjend gjenta med ”steinmoselida” stakk. Dei stakkarne var ikkje i bruk i hans bygd daa, men i den bygdi der han fekk kona si fraa.

 

Ut frå det som blir fortalt her, ser ein at ein har hatt ein del moro med dette. Det verkar som om spøken og ungdomsstrekane var mest framtredande i det som kanskje har vore ein eldre skikk. Same tonen er det i forteljinga om ”jolestolen” når Gudtorm Eftestøl tidleg på 1990-talet skildrar skikken i bruk kring midten av 1800-talet på foreldra hans var unge. Og her endar det seriøst – i ekteskap og born der forteljaren sjølv er eit resultat av hendingane:

 

Jolestolen

Dei som vilde vita kven dei skulde faa, kunde ”sitja paa jolestolen” jolaftansnotti. Sume sa ”klæ jolestolen”.

Tollei Knaben, far til forteljaren, heldt til i Eptestøl i Fjotland ein vinter, han var lausgangar der. Han budde i same huset som Maria, kona hans vart.

Tollei og ein annan gut som var i same huset, fann paa at dei skulde klæ jolestolen. So sette kvar av dei tri koppar paa bordet med brennevin, øl og vatn.

Maria og ei onnor gjenta laag i same romet som gutarne. Dei hadde sovna, og visste ikkje um det gutarne hadde fyre seg.

Ei stund etter gutarne hadde lagt seg, tok Maria til aa gje seg i svevnen. So vakna ho og vekkte den andre gjenta, og so gjekk baae gjentorne ut. Ljoset stod og brann på bordet.

Daa dei kom inn att, gjekk Maria burt til bordet.

Kò slag e detten? Sa ho, og so tok ho den eine av Tolleis koppar og drakk av.

Aa, d’e bare vatn! Sa ho, og so gjekk dei og la seg att.

Den guten som laag ihop med Tollei, heitte Beren. Han kunde ikkje halda seg, han sa: Ser du kje mi?

Daa sette gjentone i aa læ, og der kom ikkje fleire og drakk.

Tollei og Maria vart gifte og budde i Eptestøl, og det vart smaatt for dei. Beren vart gift i Gjerstad sokn.

Beren burde ikkje hava tala so snart den kvelden dei klædde jolestolen, sa Tollei. Ho budde so langt burte, den han fekk, at ho hadde ikkje rukke fram, meinte han.

 

Lunde fær òg fram at det å ”sitja på jolestolen” kunne vera i meste laget for somme når sanninga om framtida skulle avdekkjast:

 

Ei gjenta sat paa jolestolen. Daa karen kom og drakk av koppen paa bordet, vart ho saa redd at ho var som gali etterpaa.

 

***

 

Personane som er nemnde i desse kjeldene er Tollei Torgrimson Knaben-Eftestøl (1818-1914) og Maria Persdotter Eftestøl (f. 1832). Desse to gifte seg, og det er sonen deira Gudtorm Tolleison (1861-1949) som er kjelda som folkeminnesamlar Peter Lunde har bygd på. Beren som altså blei gift i Gjerstad i Aust-Agder, er Beren (Bernt) Gudtormson Eftestøl (f. 1825), rosemålar og halvbror til Maria sin far, Per.

Svein Arne Myhren

Kjelder:

Johan Jerstad/Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979

Peter Lunde: Kynnehuset 1924

- Antall besøkende: 1083962 - Online: 26 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart