AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Kvinneforeining i 110 år
Publiseringsdato: 14.05.2014

 110 år er det gått sidan Eiesland kvinneforeining vart starta. Palmelaurdag hadde dei sin årlege basar på Eiesland bedehus som gav ca kr 52.000 til Misjonssambandets arbeid.

 
For ei foreining med fem faste medlemmer, er det er eit imponerande arbeid som ligg bak ein slik basar. Dei er flinke til å engasjere slekt og venner til å vere med på basaren. Også i år kom det mye folk til Eiesland bedehus, om lag 90 var til stades. På programmet stod andakt med Etiopia-misjonær Gunn Træland, gift med Helge Træland som er oppvaksen på Helle i Fjotland. God mat høyrer også med på ein ordentleg basar, og med fem åretrekkingar og trekking av gevinstane på basarboka. Store og små var engasjert i trekking og åresal. Kjell Trodahl leia det heile.
 
Foreininga blei starta opp av tre unge kvinner i 1904, Sofie Mygland (g. Narvestad) f. 1890, Gurine Fossdal f. 1883 og Åsa Haddeland (g. Sandsmark) f. 1881. Trufast har kvinnene i Eieslands krins samla seg til møter, og planlagd korleis dei kan samle inn pengar til misjonsarbeidet. Årets basar var rekord for foreininga med kr 52.000 til misjonen. I fjor kom det inn kr 43670. Bare tre uker tidlegare hadde Veggeland kvinneforeining basar same stad som gav kr 64.000 til misjonsarbeidet. Dette viser at i Austerdalen er det framleis mange som set pris på basarar. 
 
PØR
- Antall besøkende: 1094817 - Online: 22 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart