AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Kapellet på Netlandsnes 125 år

Kapellet blei vigsla den 13.oktober 1886. Jacob Sverdrup Smitt var biskop. Han ville koma og innvia kapellet. Men på den tida var reisa frå Kristiansand til Netland ei lang og strabasiøs handling. I brev til prosten skriv han at han tar båten frå Kristiansand til Flekkefjord. Derifrå reknar han med å ha følgje med prosten til Fjotland. Han trur det er ei god dagsreise. Det var heller ikkje lett å koma frå Flekkefjord til Netland. Dalevegen opp Vesterdalen hadde ikkje kome lenger enn til Engedal, og Lindelandsbrua var neppe tenkt på. Heimreisa til bispen gjekk om Mandal.

Det er Tor Veggeland som skriv dette i jubileumsboka Fjotland kyrkje i 316 år som blei gitt ut i 1986 ved kyrkjejubilea for kyrkjene i Fjotland det året. Han fortel vidare at det må ha vore  tale om at vigslinga blei seint på året. Bispen meinte det ikkje gjorde noe. Men i eit brev frå biskopen til departementet der han meldar at kapellet er innvigd, skriv han:”Indvielsen udførtes i overensstemmelse med de gjældende rituelle Forskrifter og var der, tiltrods for det forfærdelige uveir, som indtraff den nævnte Dag, tilstede en så stor Menighetsforsamling, som Kappellet nogenlunde rummet.”

Det var altså eit forrykande uver den dagen. Men mange folk var samla. Ein av dei som var der kunne seinare sitera frå biskopen sin tale:” Hammerslagene har forstummet, arbeiderne er farne, men huset står ferdig for å ta imot menigheten.”

Gravplassen kom først.
Bakgrunnen for å byggja kapellet var ønsket om å få eigen gravplass på Netland. Det var store vanskar med å få dei døde fram til gravplassen ved Fjotland kyrkje. Kyrkjevegen gjekk frå Knaben om Neset – Moland – Solli – Egeland – Harbakk til Fjotland. Det var ikkje ordentleg veg på denne strekninga. Om vinteren var det ei råd med hest og snøføre, men om sommaren var det verre. Då måtte dei enten bera, kløvja eller kjøra med slede på bar mark. Forholda var slik at noe måtte gjerast.

På eit kommunestyremøte 13.februar 1854 mellom Eiken, Hægebostad og Kvinesdal (Fjotland og Kvinesdal var då ein kommune), blei det vedtatt å føreslå overfor departementet at Fjotland skulle bli eige prestegjeld. Same året kom Stortinget med ein resolusjon om at Fjotland blei eige prestegjeld, og at dei øvre gardane i kommunen skulle få ein vigd gravplass på Netlandsnes frå 1.januar 1858. Det blei likevel ikkje gravplass før i 1886, og han blei vigsla saman med kapellet.

Sidan Stortinget hadde lova eigen gravplass, var det naturleg å ta opp spørsmålet om å byggja kapell. Den 10.september 1884 skriv Kyrkjestatsråden eit brev der han ”nådigst” gir lov til å byggja kapell på garden Netland. Brevet er underteikna E.Blix. Det er den kjende salmediktaren Elias Blix frå Nordland som var statsråd.

Altartavla.
Til 50-årsjubileet i 1936 gav Fjotland kommune ny altartavle som gåve til kapellet. Altartavla er måla av Marcelius Førland. Trygve Eftestøl tykte det høvde med ein ramme rundt altartavla. Han laga ein av russisk eik og skar ut rankeornament og stiliserte blomar. Ved foten av ramma skar han ut bibelordet som stod på den første altartavla i kapellet: ”Salige ere de som høre Guds ord og bevare det”.

Gåver til kapellet.
Folk i Fjotland har sett pris på kapellet og har opp gjennom åra gitt mange gaver. Lysekrona fekk kapellet i 1971. Ho er av messing og har 18 lys. Det var ein gave frå Per, Tor og Karen Tonette Håland. Kapellet hadde ikkje døypefat. Jakob J Knaben hamra ut eit av ei tynn kopparplate og gav til kapellet. Og i 1936 fekk kapellet ei sølvkanne til å ha dåpsvatnet i. Det var frå helselaget. For å få orgel til kapellet sette kona til direktør Blekum på Knaben gruver i gang ei pengeinnsamling. Det blei så mange pengar at ein kunne kjøpa eit brukt orgel i Stavanger. Det var ein lærar Eielsen som stod for innkjøpet, og han kom sjølv til kapellet med det og spelte på første gudstenesta. Tor Veggeland skriv at folk var veldig godt nøgd. Orgelet var i bruk i kapellet til i slutten på 1960 talet. Kapellan Paul Gerhard Birkeland la då fram eit tilbod på eit elektronisk orgel som soknerådet godtok. Det gamle orgelet blei gitt til Risnes bedehus. I jubileumsåret har Netlandsnes kapell ennå ein gong fått nytt orgel.

Vedlikehald og fornying.
Alt til jubileet i 1936 var det nødvendig med ganske mye vedlikehald og fornying.. Soknerådet drøfta kva som måtte gjerast for å få kapellet i ”vyrdeleg” stand til 50 års høgtida. Trygve Eftestøl tok på seg å vera ansvarleg for at arbeidet som soknerådet bestemte, blei gjort. Og det var ikkje lite som skulle gjerast. Alteret blei reparert. Heile kapellet blei målt innvendig. Det var det Tobias Norås som gjorde. Golvet i klokkehuset blei reparert. Det blei kjøpt inne nye vindauge. Då måtte ein byggja om, for dei nye vindauga var mindre enn dei gamle og blei flytta høgare opp på veggen. Det blei bygd sakristi, og altarringen blei gjort større. Heile huset hadde sige og flakna så ein kunne sjå gjennom golvet i midtgangen. Det måtte jekkast opp og pressast saman for å retta opp flakninga. Det blei gjort med to solide jernstenger. Så blei det støypt mur under huset, for det stod bare på handsteinar.  Preikestolen var svært høg og stod 80 cm lenger framme på golvet. Han blei flytta opp i koret og gjort lågare.

”Som ein ser vart det gjort mykje, men soknerådet hadde ein flink mann til å stå for arbeidet”, skriv Tor Veggeland og viser her til Trygve Eftestøl.

Opp gjennom åra har kapellet blitt tatt godt vare på og viser seg i dette jubileumsåret som eit velstelt og pent bygg med ein velhalden kyrkjegard.

- Antall besøkende: 1057874 - Online: 17 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart