AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Kyrkjeskipet i Fjotland kyrkje
Det finst om lag 250 kyrkjeskip rundt i norske kyrkjer, og nå har også Fjotland fått sitt. Skipet er ein kopi av misjonsskipet Elieser som var i drift frå 1864-1884.
Skipet er ei gåve til Fjotland kyrkje frå Astrid og Tor Spilling.
- Vi er glade for å kunne gi dette skipet til Fjotland kyrkje som takk 15 gode presteår i bygda, seier Tor Spilling entusiastisk. Sama med Astrid ser han med glede tilbake på åra i Fjotland.
Skipet er laga av Karsten Åsland frå Bryne, men Tor Spilling har hatt ei hand med i laget. Han har laga livbåtane og høvla og pussa skroget. Spilling har også laga mastene, rærene, bommene og baugspryd, til saman 20 delar laga i forskjellige dimensjoner og tjukkleikar.
Tor Spilling fortel med eit smil at Karsten Åsland skrytte av arbeidet hans.
- Du er meir nøyaktig, du enn meg.
I vår blei det avtalt at skipet skulle leverast i god tid til 1. sundag i advent, og då håpte Spilling at dette var mogleg. I om lag to månader var han engasjert med sin del av arbeidet, og han blei derfor overraska då Karsen Åsland allereie i oktober kom med det ferdige skipet til Kvinesdal. Åsland som er pensjonist, har laga meir enn 40 ulike skipsmodellar, og nå heng fem av hans skip i ulike kyrkjer. I tillegg til Fjotland har han laga kyrkjeskip til Vegårshei, Lyngdal, Time og Helleland.
- Når blei det opprinnelege misjonsskipet Elieser bygt?
- Det stod ferdig i 1864, og det var i drift fram til 1884. Det seilte mellom Noreg og Sør-Afrika og Madagaskar med misjonærar og utstyr som misjonærane trong. Det frakta også kol frå England til Afrika. Koltransporten var med å finansiere drifta av skipet, og då det blei selt i 1884, hadde misjonen igjen eit overskot på formidable kr 100.000 i dåtidas valuta.
Tor Spilling legg til at Elieser var eit ganske lite skip på ca 36 m.
Kyrkjeskip er ein flott tradisjon i mange kyrkjer. I Kvinesdal kyrkje er det ein gammal fullriggar med 30 kanoner og eit dansk flagg i kvar ende. Skipet er truleg bygt i 1814. I Feda kyrkje heng det ein hollandsk koff. Dette er ein typisk båttype som blei brukt på 1700-tallet i den livlege handelen mellom Noreg og Holland.
Eit kyrkjeskip symboliserer det å vere på stadig reis i ”livets seilas”, og ”å halde rett kurs”. Kyrkjeskipet er også eit symbol på kyrkjelyden, der kvar og eit kyrkjelydslem er mannskap, og Jesus sjølv kapteinen.
Ei minneplate er plassert på galleriet i Fjotland kyrkje. Der står det mellom anna:
”Kirkeskip er ikke bare en skute, et dekorativt utsmykningsobjekt. Det har sterk symbolikk og lang tradisjon: Allerede i de første århundrer etter Kristus, i oldkirken, møter en den tanken at fellesskapet av de troende er som et skip i opprørt hav.
Kirken er et skip som seiler gjennom denne verden. Herren selv er styrmann, de troende besetning. Masten med rå er korset, seilet den evangeliske tro. Selv om skipene manglet seil, drev de ikke hjelpeløst omkring. Den Hellige Ånd var drivkraften. Guds ord er retningsgiver, håpet anker, bønnen ankertau og Guds trofasthet ankergrunn. Plasseringen av skipet er ikke tilfeldig. Stavnen skal vende mot alteret, mot øst og lyset. Skipet med de troende er på vei mot Gud og lysets land.”
PØR
- Antall besøkende: 1057893 - Online: 37 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart