AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Då fjotlendingane stengde kyrkjedøra for presten

Det var lyst til preike 20. februar 1770 i gamle Fjotland kyrkje. Då samla bøndene seg frå gardane midt i bygda og tok nøklene frå kyrkjeverja og læste døra, så ikkje presten Ole Blyth kom inn. I spissen for bøndene stod Tore Sigbjørnsen Engedal frå dør framme på Engedal. Dette fortel Johan Jerstad og Tor Veggeland om i Fjotland Gards- og ættesoge. Same forteljinga er også tatt inn i Tor Veggeland: Fjotland si kyrkje i 316 år.
Presten Ole Blyth kom til Hægebostad som residerande kapellan i 1755. Då kallet blei delt i 1760, blei han prest i øvre Kvinesdal fram til sin død i 1770. Kvifor bøndene med Tore Engedal i spissen gjekk til det drastiske steget å stenge kyrkjedøra for presten, er ikkje heilt klart. Jerstad/Veggeland skriv at på hausttinget hadde fjotlendingane klaga over at det var få preiker i kyrkja. Preikene var gjæve i den tida, og Blyth har slarva med dei, i følgje Fjotlands gards- og ættesoge.

Slik fortel dei historia om Tore og dei andre som stengde presten ute frå kyrkja:
”Presten melde frå til futen, som så let lensmann Jakob Bøgvad stemna inn 26 mann frå Engedal, Stakkeland, Øvre Kvinlog, Lindeland, Eigeland, Harbakk, Røyland, Bergesli, Førlandsås og Fjotland, mellom dei var den eine kyrkjeverja Torgrim Stakkeland. Den andre kyrkjeverjaren Olav nedre Bruli blei også stemd.
På sommartinget møtte sju fjotlendingar, men av dei innstemde berre Tore Engedal, og så son til den eine kyrkjeverja, Asbjørn Torgrimson Stakkeland. I denne saka svara fjotlendingane at dei hadde sendt brev til presten 26. Februar og ville gjerne at svaret, som ikkje var kome enno, blei lagt fram på tinget. Dei bad derfor om utsetjing til hausttinget og sa dei ville prøve å få forlik med presten.

På hausttinget møtte av dei innstemnde Tore Engedal, Per øvre Kvinlog, dei to kyrkjeverjene og to til. Presten var då død, så det var ikkje blitt forlik. Dei sa at dei trega framferda si, og at dei nå etter presten var død, ikkje ville bera fram klagemål mot han. Dei bad om ein mild dom. Domen blei at dei skulle betale 3 rdr. Til skulekassa i Fjotland, 7 ort til lensmann og menn for deira strev. Tore Engedal og Per øvre Kvinlog skulle attåt betale 3 rdr kvar til justiskassa for usømeleg åtferd for retten. Fjotlendingane anka til lagtinget, og i 1772 blei alle ”Hovedcitanter” frikjende. Tore og Per har vel måtta betale sine bøter til justiskassa.
Det kunne sjå ut som denne aksjonen har kome heller brått, at 2-3 mann frå Engedal og øvre Kvinlog tok ut tidleg om morgonen 20. Februar og samla bøndene nærast kyrkjevegen og stengde kyrkja. Det er så uvanleg  framferd dette at ein kan  spørja om det er rein personleg mothug som ligg under. Men det er snautt det, for ein finn ikkje og høyrer ikkje om slikt noko frå grannebygdene der folk kan vere meir stridige enn i Fjotland.
 
På hausttinget nemnde fjotlendingane at dei fekk for få preiker, og dette er kanskje årsaka til striden. Preikene var gjæve i den tida, og Blyth har slarva med dei. Det kan og tenkjast at det var ein handling av presten dei var harme for, men folk hadde ingen rett til å stenge kyrkjedøra. Underrettsdomen er lovleg, men lagtingsdomen er så ulovleg som han kan bli. Han er grunngjeven med at det ikkje var ført prov, og det skal ein bygja på. Men fjotlendingane tilstod å ha stengd døra, og det må vera like godt som prov. Det er vel helst bispen som har vore ute og sagt til lagmannen: ”Du må sjå å få gjort om den domen.”Det ligg vel det i lagtingsdomen at moralsk sett var stenging av døra forsvarleg. Framferda til Tore og Per på hausttinget tyder ikkje på at dei trega så svært.”

PØR

Kjelde:
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland gards- og ættesoge

- Antall besøkende: 1087277 - Online: 13 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart