AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Den siste køyrekaren

"Jeg undertegnede var den siste som brukte Hest og Karjol til kjerkegang, tænker det var år 1952 jeg for siste gang brukte Kjøretøi og Hest." Dette skreiv Johannes T. Engedal (1885-1960) i eit lite notat bak i sitt eige eksemplar av Fjotlands sogebok 23. desember 1959.

   

Bilde: Siri og Johannes T. Engedal.

"Den nye thid brakte det med sig at det blev slut med at bruke Hest og Karjol til at kjøre til Kjerken med. Nei nu har bilerne overtat det hele. Jeg undertegnede var den siste som brukte Hest og Karjol til Kjerkegang, tænker det var år 1952 jeg for siste gang brukte Kjøretøi og Hest."

Dette vesle notatet skreiv Johannes T. Engedal 23/12 1959 bak i Fjotland sogebok av Johan Jerstad. Kvifor han brukte sogeboka som kom ut i 1949 som notathefte, kan ein jo spørje seg om. 1959 var den siste julehøgtida han fekk oppleve. Han døydde året etter på.

Tor Norås (f. 1932) kan stadfeste at Johannes var den siste som køyrde til kyrkje med hest. Han hugsar godt at den gamle bonden frå Engedal kom køyrande til kyrkje med hest og karjol, sjølv om dei fleste andre lét hesten kvile.  

PØR

- Antall besøkende: 1087580 - Online: 270 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart