AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
På gamle tufter

"Det finst rike tradisjonar innan folkemusikk og rosemåling i bygda Fjotland, Vest-Agder. Begge desse kunstformene gjekk i arv og vart slik haldne i hevd ved at nye generasjonar tok over og førte tradisjonen vidare. Ein av dei siste tradisjonsberarane innan folkemusikken i Fjotland var  far min, Trygve Eftestøl (1901-1993). Det finst 100 slåttar, sullar og annan tradisjonsmusikk etter han."

Dette skreiv Sverre Eftestøl då han gav ut cden På gamle tufter i 1996. Sverre Eftesøl er organist, komponist og musikkskulerektor. Han har arbeidd mykje med dei gamle musikktradisjonane i Fjotland, og vore oppteken av å formidle og bearbeide tradisjonsmusikken. På gamle tufter er Sverre Eftestøl komponist og arrangør.

" I denne produksjonen er noko av dette stoffet brukt som grunnlag for enkelte arrangement og komposisjonar, men det er også nytta frie motiv og nyskriven musikk." Dette skreiv Eftesøl vidare om På gamle tufter.

Halvard Heggdal, fiolin, og Oddbjørn Stakkeland, klaver, var med på innspillinga. Anne Tone Hageland var produsent saman med Sverre Eftestøl, mens Lynor AS i Kristiansand stod for produksjonen.

På omslaget til cden skreiv Sverre Eftesøl dette om denne første melodien på produksjonen:
"Kvinlogslagjet er ein av dei eldste og mest utbreidde brureslåttene på Agder. Det finst fleire varianter av denne brureslåtten, og i Fjotland har han fenge namnet Kvinlogslagjet. Denne slåtten blei spela når bryllaupsgjestene reiste frå kyrkja til bryllaupsgarden. Kvinlogslagjet har truleg vore på reportoaret til dei fleste felespelarane i Fjotland så langt attende som til 1750. Brureslåtten blei første gong nedteikna i 1922, då musikkforskar Ole Mørk Sandvik (1875-1976) vitja Martin Eftestøl på Risnes i samband med innsamling av folkemusikk og tradisjonsstoff frå Agder. Martin Eftestøl (1868-1935) var då på Leidestøl og høya, men blei bodsendt for å syngja å spela for Sandvik."

Sverre Eftestøl har tilrettelagt og arrangert brureslåtten for orgel i 1977.

Musikkutdrag frå produksjonen kan du lytte til på Musikkonline.no.

PØR

- Antall besøkende: 968672 - Online: 18 - Sist oppdatert: 09.06.2018 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart