AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
TONSTADBUA

18 år gamal i 1780 måla den kjende rosemålaren Tore Asbjørnsen Risøyne, Tonstadbua. Bua blei flutt til Vest-Agder fylkesmuseum i 1967. Der kan framleis Tore sitt ungdomsverk sjåast i bua som stammar frå Tonstad.

Tonstadbua skal vore bygd tidleg på 1700-talet. Etter tradisjonen skal Tonstadbua først ha fungert som ei sengebu for reisande med båt på Sirdalsvatnet, altså ei slags fergestove. Det var gjestgjevar Karl Torjeison (1723-1800) som fekk bua bygt. I bua var det eitt stort rom utan forgang.
Sigbjørn Karlson Tonstad (1837-1903), overtok «Tonstadbua» på ein auksjon i 1870. Like etter blei ho riven og lagra før den blei gjenoppbygt på garden hans, Monan oppe på Tonstad. Dette var før 1880.

Opphaveleg var huset i lafta furutømmer, seinare er bua bygd på slik at den no har yttergong opp til 2. etasje og bordkledd på ytterveggene.
Inni er det veggdekoren i hovedrommet som er interessant. I følgje Årbok 2001 for Vest-Agder fylkesmuseum ”fra hus til hus” er rosemålinga på veggene måla i 1780 av fjotlendingen Tore Asbjørnsen Risøyne. Den sjølvlærde rosemålaren skal då bare ha vore 18 år gamal. Dekoren er den eldste kjende profanmålinga frå Vest-Agder.

I følgje årboka skal veggdekoren vere inndelt i tre horisontale felt med raudfarga brystning nedst og ei blomstarranke øvst. Mellom desse er det ulike figurmotiv skilt med vegetabilske ornament. Motiva er henta frå kjende Bibelsoger og folkelege biletmotiv. Her finn ein mellom anna David og Goliat, Samson og løva, likninga om dei fem kloke og fem dårlege jomfruane. Under kvar figurframstilling står ein bibeltekst og ei vising til skriftstaden. Til slutt i veggdekoren måla den unge rosemålaren dei tre stendene; offiseren, presten og bonden med kommentaren:
”Jeg Strider for Eder, sier adelsmannen, Jeg Beder for Eder, sier presten, Men jeg opholder Dykke adde same, sier bonden”

PØR

Kjelder:
Årbok 2001 for Vest-Agder fylkesmuseum "fra hus til hus"
www.agderkultur.no/Vest-Agder-tunet/Side5.htm
Sirdølen Avis

- Antall besøkende: 1118247 - Online: 14 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart