AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
FJOTLENDING

500-setelen som Norges Bank gav ut i 1991 har eit rosemålingsmotiv som fjotlendingen Per Gudtormson Eftestøl har måla, og har difor fått tilnamnet "fjotlending". Det måla han på ei kiste rundt 1850. Denne kista er no å finne på Norsk Folkemuseum i Oslo. Ei liknande kiste er også i Hægebostad. Per Guttormson Eftestøl var son til den mest kjende rosemålaren frå Fjotland, Gudtorm P. Eftestøl.
500 setelen har bilde av Edvard Grieg på framsida. På baksida er det ein finn  rosemalingsportalen som er eit utsnitt av kista Per G. Eftestøl måla. Setelserien som Norges Bank gav ut frå 1979-2001 hadde fellesnemnaren at dei hadde baksidemotiv av eldre norsk kunsthandverk. Setlane blei laga av grafikarane i Noregs Bank etter ein ide av Leif F. Anisdah (f.1937). På nettstaden til Noregs Bank blir baksidemotivet omtala som gammalt blomsterornament.

PØR

Kjelder:
Avisen Agder (1997)
www.norges-bank.no

- Antall besøkende: 1086609 - Online: 6 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart