AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
HOSKULDSON, Tron

Tron Hoskuldson Kvinlaug, uvørden, slagkraftig og namngjeten fjotlandsk bygdehelt som blei opphav til mange segner, men noko av livet hans kan dokumenterast ut frå gamle rettsreferat frå 1600-talet. Tron skal etter segna vera den fyrste som blei gravlagt på kyrkjegarden ved Fjotland kyrkje.

 

Tron Hoskuldson var fødd i 1588 og døydde kring 1670. Han budde på Nedre Kvinlaug i Fjotland og åtte heile garden åleine.

 

Folkeminnet vil ha det til at Tron drap tri menn. Bare éi drapssak er dokumentert i lensrekneskapane frå 1610. Tron blei dømd fredlaus, men  ”løyste freden”. Også andre domfellingar syner at han var på kant med lova. Tron Hoskuldson var ein vågesam mann som tydeleg sa frå om høgt skattepress og pålegg frå ivrige embetsmenn. Dette er truleg ein viktig grunn til statusen han fekk som bygdehelt mellom folk.

 

Mange av segnene om Tron Hoskuldson har overnaturlege drag og ber preg av å vera vandresegner.

 

Mot slutten av livet gjekk det til atters med Tron. Han sette garden i pant, og garden blei delt opp. Ingen av borna overtok farsgarden.

SAM

 

Kjelder:

Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Kvinesdal 1984 (1949)

Knut Liestøl: Folkedikting I: Norske bygder. Vest-Agder I. Oslo 1925

- Antall besøkende: 1086632 - Online: 9 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart