AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
FURA på Fjotland kyrkjegard

 

Den store fura på Fjotand kyrkjegard er eit særmerkt skue. Fura er like brei oppe som nede. Både Tor Veggeland og Johan Jerstad har skrive om fura i sine bøker (sjå kjelder). Etter segna skal det vera gravlagd ein uskuldig mann under fura.

"Den store fura på Fjotland kyrkjegard stod fyrr like på utsida av kyrkjegardsmuren. Det skal liggja ein mann under den fura. Han blei retta for rang eid og nedsett på utsida av kyrkjegardsmuren. Men han sa seg saklaus, og til teikn på det skulde det veksa upp eit grønt tre på gravi hans, som var vidare oppe enn nede."

PØR

Kjelde: Johan Jerstad: Fjotlands sogebok. 1949; Tor Veggeland: Fjotland si kyrkja i 316 år 1986.

 

- Antall besøkende: 1086614 - Online: 12 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart