AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
HELLE, Sigbjørn

 

Sigbjørn Steinarson Helle, gardbrukar, lærar, ordførar og stortingsmann frå Helle i Vesterdalen i Fjotland.

 

Helle var fødd på Heddestølen 14.7.1815 og døydde på Helle 24.6.1899. Han gjekk nokre månader i lære hjå presten Melbye, og blei sett til skulemeister. Han arbeidde som lærar frå 1837-56.

 

Helle var med i heradstyret 1843-50 og 1853-90. Han var femte ordføraren i Fjotland og kom til å leia heradsstyret fleire periodar: 1862-68, 1870-76 og 1879-1890. Han var ordførar i storheradet Liknes (Kvinesdal/Fjotland/Feda) 1854-58. Han sat i matrikkelkommisjonen i heradet og i fylket.

 

Frå 1857 representerte Helle Lister og Mandals amt på Stortinget, fyrst som varamann, frå 1862 som fast representant. Han var fyrsterepresentant 1865-66 og 1868-69.

 

Han sat i justiskomité II på Tinget, og gjennom alle dei skylddelings- utskiftingssakene han styrte med lokalt, blei han ein kunnig mann i juridiske saker, trass i liten formell utdaning.

SAM

Kjelder:

Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok 1949

Johan Jerstad/Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979

Tor Veggeland: Fjotland. Kultursoge 1984

- Antall besøkende: 1086598 - Online: 21 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart