AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
KVINLOGSLAGJET

 

Kvinlogslagjet, ein av dei eldste og mest utbreidde bruremarsjane i folkemusikken på Agder. Slåtten finst i fleire ulike variantar med forskjellige namn og blir kalla Kvinlogslagjet i Fjotland. Slåtten har iallfall vore ålment kjent mellom spelemann i bygda frå 1750.

 

Slåtten blei gjerne spela når bryllaupsfylgjet fór frå kyrkja til bryllaupsgarden.

 

Ordet ’Kvinlogslagjet’ er samansett av gardsnamnet Kvinlog og ’slagjet’ som er bunden form av ’slag’. ’Slag’ kjem av norrønt ’slagr’, og tyder eit slag. Ordet er i slekt med den meir nytta nemninga ’slått’ og referer truleg til tidlegare tiders musikkinstrument og speleteknikk der ein spela ved å slå på strengene (t.d. harpe og langeleik). Også etter at fela blei det dominerande folkemusikkinstrumentet har nemninga ’slått’ og dels ’slag’ vore brukt.

 

Komponisten og fjotlendingen Sverre Eftestøl (f. 1952) tilrettela og arrangerte Kvinlogslagjet for orgel i 1977, og stykket har vore mykje nytta ved kyrkjebryllaup.

SAM

 

Kjelder:

Sverre Eftestøl: På gamle tufter [CD-hefte] 1996

Torleiv H. Bjørgum/Hallvard T. Bjørgum: Skjoldmøyslaget [CD-hefte] U.å.

 

 

- Antall besøkende: 1086592 - Online: 15 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart