AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
HUKNUDEN

 

Huknuden, fjelltopp i Fjotland, og namnet på ein dei mest kjende fjotlandsslåttane.

 

1. Det litle, men karakteristiske fjellet Huknuden ligg over garden Øvre Kvinlog i Fjotland. Toppen når opp i  345 m o.h.

 

2. Feleslåtten Huknuden har namnet etter fjellet Huknuden. Per Tostenson Kvinlaug (1801-67) var spelemann. Etter ein gong å ha spela i eit jolelag, fekk han ikkje sova. Han gjekk ut or huset sitt, og litt nord om garden fekk han høyra spel i fjellet Huknuden. Per Tostenson lærde slåtten som fekk namnet etter fjelltoppen. Huknuden gjeng i springartakt og er av dei mest kjende tradisjonsslåttane på Agder.

SAM

Kjelder:

Sverre Eftestøl: På gamle tufter [CD-hefte] 1996

Topografisk hovedkartserie. Blad 1312 II Tonstad. 1979

- Antall besøkende: 1086605 - Online: 6 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart