AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
EIESLAND, Gunnu

 

Gunnu(f) Jakobson Eiesland, politikar, lærar og bonde frå Fjotland i Vest-Agder som sat på Stortinget for partiet Venstre i heile 23 år. Han er den fjotlendingen med lengst fartstid på Løvebakken gjennom tidene.

 

Eiesland var fødd i Fjotland i 1870 og døydde i 1936. Han var utdanna lærar frå seminaret i Kristiansand i 1892, var lærar i Tørdal i Drangedal nokre år før han kom heim til Fjotland og tok over halve farsgarden og gjekk inn i lærarstilling i Austerdalen.

 

Han deltok aktivt i lokalpolitikken i bygda og var m.a. ordførar 1912-1913. I 1913 blei Eiesland valt inn på Stortinget for Venstre og Vest-Agder. Her sat har til 1936. Som stortingspolitikar var har oppteken av moderniseringa av samfunnet. Han øvde stor påverknad på utviklinga av kommunikasjonar og vegstell i landet som formann i vegnemnda på Stortinget. Frå 1920 blei han stortingsvald medlem av styret for Vassdrags- og elektrisitetsstellet.  

 

Eiesland hadde det framskotne ombodet som president i Odelstinget frå 1928 og i 1931 blei han parlamentarisk leiar for Venstre. Desse omboda hadde han fram til han døydde i 1936.

SAM

Kjelder:

Arne Bergsgård: I: Norsk allkunnebok. Oslo 1948.

Johan Jerstad: Fjotland sogebok. Kvinesdal 1949.

- Antall besøkende: 1148994 - Online: 17 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart