AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
BESSE i Knaben

 

Besse i Knaben, from og gudfryktig segnperson og bondehelgen frå Fjotland i Vest-Agder som mellom anna har blitt kjent gjennom folketradisjonen for at han kunne hengja vottane sine på solstrålane.

 

Det finst ingen skriftlege kjelder som heilt sikkert stadfester at Besse har vore ein historisk person. Ulike folkeminneoppteikningar frå fleire personar i Fjotland er det ein har å byggja på. Historieprofessor Ludvig L. Daae meinte Besse kunne ha levt samstundes med bygdehelten Tron Hoskuldson Kvinlaug (død ca. 1670). Andre meiner Besse høyrer heime i før-reformatorisk tid.

 

Forteljingane om Besse er fleire. Han skal m.a. ha hatt sin eigen faste bønestad ovanfor garden sin på Knaben som han nytta når det ikkje var messesundag. Det blir fortalt at han alltid møtte til gudsteneste i kyrkja på Liknes, sjølv om dette var 6 mils veglaus ferd kvar veg.

 

Besse er rekna som éin av fleire norske bonde- eller bygdehelgenar. Dette er heilage kvinner og menn som har blitt minna lokalt utan at dei har vore godkjende av kyrkja.

SAM

Kjelder:         

Ludvig Daae: Norges helgener. Christiania 1879

Peter Lunde: Kynnehuset. Oslo 1924.

- Antall besøkende: 1149006 - Online: 9 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart