AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
BRUDLE

Brudle (eller brudled) er rekkjer av steinar lagt etter kvarandre. Steinane ligg oftast på flate berg langs gamle ferdselsvegar.

Agder og grensebygder i Rogaland og Telemark er einaste stader i landet vi finn brudle. Ordet brudle tyder brudefylgje. Den vanlegaste tolkinga av brudlea er at steinane er lagt ned av brudefylgje som var på veg til eit bryllup. Ofte kunne det vera bryllup der brudeparet var frå kvar si bygd eller var på veg til ei kyrkje i ei anna bygd. Vi finn brudlea oftast på eit høgt punkt langs ein heieovergang eller på eit berg på heia der ein ser ned i dalen. Svært ofte er det vatn nær eller utsikt til vatn. Mange brudle ligg aust-vest med utsyn mot aust.

Det er kjent at brudle er lagt ned frå 1600-talet til 1930-åra. I Fjotland er det tre stader kjende Brudle, og alle ligg på heia mot Sirdal. Desse kan du lese meir om her.

Anne Berit Erfjord/PØR

Kjelder:        
Oddmund Mogstad:16 steinar stend i rad Brudled og pikksteinar. Agder Historielag årsskrift nr. 78, 2002
Torfinn Hageland: Heieliv i Hekkfjeddet 1989
Torfinn Hageland: Gamle veger i Vest-Agder 2000

- Antall besøkende: 1149001 - Online: 5 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart